Hopp til innhold

Tissar i dusjen for å sikre tre poeng

Jarle Wee må tisse i dusjen. Ulrik Flo kyssar ei elskovsstatue før kamp. Fotballspelarane har dei villaste rutinane i garderoben.

Jarle Wee og Ulrik Flo

RITUAL: Fotballspelarar er både underlege vanedyr og har eit snev av overtru. Jarle Wee (t.v.) har alle år urinert i dusjen, medan Sogndal ikkje har tapt ein seriekamp sidan Ulrik Flo (t.h.) byrja å kysse elskovsstatuen han fekk med kjærasten sin.

Foto: Fotomontasje: Vard Haugesund/Rune Sjoberg

– Eg går ikkje i djup transe, men eg gir den ein tanke og eit kyss, og har den i bakhovudet før eg går på bana, fortel Ulrik Flo om elskovsstatuen han kysser før kvar heimekamp.

I utlandet blir det kalla «The show before the show». Enkelte kallar det tullball. Men ein ting er sikkert; som fluge på veggen kunne ein sett mange rare vanar, eller uvaner, i garderoben før eliteseriekampane.

Det var spelarar som måtte pisse sist uansett. Var ein tom, så var det obligatorisk å måtte presse ut nokre dråpar.

Tidlegar Tromsø-spelar, Trond Steinar Albertsen

Difor scorar Djurdjic

Sjølv fortel hovudpersonane om jakta på godkjensla som får dei til å prestere betre.

Nikola Djurdjic har scora over 50 mål for FK Haugesund sidan han kom i 2009. Han trur oppriktig at enkelte rutinar kan påverke eigne prestasjonar.

– Eg må ha ein rask høneblund og ein kort spasertur før kamp. I desperate tider har eg eit par sko som eg brukar om eg treng scoringar. Denne sesongen har eg også ei lykketruse, fortel FK Haugesunds toppscorar Nikola Djurdjic.

Henrik Furebotn (f.v.) og Nikola Djurdjic. I bakgrunnen Ørjan Hopen.

LYKKE: Nikola Djurdjic (t.h.) har tru på at småting gir ekstra motivasjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter å ha gått mållaus av bana på Fosshaugane, verkar det frigjerande å kunne svare på noko anna enn kvifor det vart 1–1 og poengdeling mot Sogndal.

– Eg brukte ikkje trusa mot Sogndal, men scora tre mål på dei to kampane eg brukte den. Den må takast i bruk att, gliser han. Som allereie helga etter var attende på scoringslista mot Brann.

– Det vesle ekstra

– Ein likar jo å tru at småting kan gjere det vesle ekstra for deg og laget. Alle har nokre små minutt for seg sjølv før kamp, som gir ekstra motivasjon, smiler 26-åringen.

Som idrettsutøvarar flest, har han eit godt utvikla konkurranseinstinkt og ikkje minst lyst til å vinne. Difor søkjer også serbaren etter det som gjer både han og Haugesund hakket kvassare enn konkurrentane.

Allereie etter fem serierunder stod Djurdjic med fire fulltreffarar.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Kjetil Rekdal fortel om si overtru

SJÅ TV-SAK: Som landslagsspelar hadde Kjetil Rekdal fleire rutinar han måtte gjennom. Denne saka vart laga i 1997.

Elskovsgud

Mål vart det heller ikkje på Sogndals Ulrik Flo då Haugesund kom på vitjing. Sjølv om han før kamp hadde si stille stund med elskovsstatuen 23-åringen fekk med kjærasten sin. Den står i hylla hans i garderoben på Fosshaugane.

Ulrik Flo med elskovstatuen

HEIME: Ulrik Flo med elskovsstatuen han håpar skal bringe Sogndal hell.

Foto: Rune Sjøberg

Rutinen er ny i år framfor heimekampane, men 23-åringen fortel den får han på positive tankar.

Nedrykksdømde Sogndal fekk ein forrykande start på serien, og var saman med Rosenborg og Hønefoss einaste ubesigra lag etter fem kampar. Flo må glise litt sjølv over den nye vanen framfor heimekampane.

– Går det bra over ein periode og du tenkjer på kva du har gjort, om ein har vore på ein spesiell stad, vore borti ein statue eller hatt ein spesiell sokk, så er du litt kynisk og berre må bruke det igjen. Sjølv om du inst inne er skeptisk, delvis spør og seier han med undrande blikk.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Redningar i verdsklasse

Djurdjic og Flo er ikkje åleine. Fotballhistoria er full av meir eller mindre underlege ritual. Religiøse spelarar ber høgare makter om hjelp, medan andre kan finne «sin ting» i å ta utstyret på i ei fast rekkjefølgje eller å gjere dei villaste ting før kamp. Du har «evig truskap» til eit visst par fotballsko eller leggskinn, som også kan forklarast med komfort.

Kenneth Udjus

VIDEO: Musikk og youtube-klipp er del av Kenneth Udjus sin kampførebuing.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mange gjer som franskmannen Thierry Henry, tek på grasmatta når ein entrar bana. Milans Gennaro Gattuso førebur seg med russiske Fjodor Dostojevskij sin forfattarskap, medan Odd Grenlands Magnus Lekven og Fredrik Oldrup Jensen ladar opp med fotballvideoar.

– Det er ikkje overtru dette med fotballsokkane. Det har ei enkel forklaring, fortel Sogndal-keeper Kenneth Udjus og ser ned på dei avklipte gule fotballsokkane. Før han forklarer at tennissokkar sit betre i fotballskoa enn tynne fotballsokkar.

Eg skjønar at folk kan vikle seg inn i slikt og tenkjer ein ikkje kan slutte med det når det går så bra. Sjølv spelte eg med fotballsko til dei fall frå kvarandre. Det var lite komfort, men gav meg godkjensle.

FK Haugesund-spelar, Oddbjørn Skartun

Derimot fyrer sørlendingen seg opp til kamp ved å sjå youtube-klipp av keeperkollega Hugo Lloris i Lyon.

– Det er gøy å sjå gode redningar sydd saman i ein god video med god musikk, og gjer at eg gler meg endå meir til kamp, seier keeperen som har halde nullen i flest minutt i eliteserien.

Hugo Lloris

VERDSKLASSE: Hugo Lloris leverer redningar i verdsklassen i youtube-klippet som Kenneth Udjus finn inspirasjon i.

Foto: Guillermo Arias / Ap

Urinerer i dusjen

Jarle Wee, spiss på Vard Haugesund.

WEE: Spelarar har ulike vanar knytt til toalettbesøk i garderoben. Jarle Wee sin vane er knytt til toalettbesøk i dusjen.

Foto: Vard Haugesund

Fleire fotballspelarar har rutinar knytt til toalettbesøk – eller også fråvær av toalettbesøk. Tyske Mario Gomez har tømt seg for mange liter væske i toaletta lengst til venstre i garderoben. Om det er grunnen til 21 landslagsmål, er uvisst.

Den argentinske landslagskeeperen Sergio Goycochea hevda å urinere på bana før han skulle i dyst på straffespark. Vard Haugesund sin Jarle Wee urinerer alltid i dusjen før han går på bana.

Etter ei karriere som strekkjer seg til tidleg på 90-talet, er ikkje den tidlegare Haugesund-spissen sikker på korleis det heile starta, men utelukkar ikkje dårleg tid til toalettbesøk eller mange «trengde» lagkameratar før kamp.

– Det er berre blitt slik. Det er alltid det siste eg gjer før eg går på bana. Du kan sei det har blitt nokre kampar og liter på dei 24-åra, humrar 40-åringen.

– Og det er greitt for lagkameratane?

– Lagkameratane venner seg til det. Eg plar seie det går i det same holet likevel. Dusjen er der, og du slepp å vente til toalettet blir ledig, held han fram.

Eg og handkledet hadde nokre gode år saman.

Tidlegar Tromsø-spelar, Truls Jenssen

– Eigentleg heilt sjukt

Toppspelarutviklar Truls Jenssen i Tromsø trekkjer på smilebandet på spørsmål om spelarane i klubben sine vanar før kamp. Ein av profilane må til dømes ta på graset og hinke inn på bana før avspark.

– Det er kanskje det mest uvanlege blant våre. I alle fall som vi kjenner til, fortel den tidlegare spelaren som sjølv nytta same handklede i seks – sju år.

Og det i ein periode der Tromsø tok store steg mot toppen med opprykk til øvste nivå, cupmeisterskap med scoring og både bronse og sølv i serien.

Trond Steinar Albertsen, Truls Jenssen og Trond Johansen

GAMAL VANE: Trond Steinar Albertsen (f.v.), Truls Jenssen og Trond «Sleggja» Johansen fortel om mange vanar då Tromsø for alvor tok steget opp i norsk toppfotball.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Jenssen vil ikkje rutinen sin stor del av æra for suksessen og ler av det heile no. Då han var aktiv, var det alvor.

– Det er eigentleg heilt sjukt å tenkje på no i ettertid. For det var eit dårleg handklede, men eit som ein supporter hadde laga og som eg fekk eit nært forhold til. Eg hadde det med meg på alle kampar, ler han.

– Men kva skjedde?

– Handkledet vart til slutt veldig slite og stygt, og det gjekk dårlegare med oss, så det vart kasta. Det hadde sikkert mista sin effekt, humrar Jenssen.

Forskar fann samanheng

Etter å ha sett kanskje verdas beste basketballspelar, amerikanske Michael Jordan, spele sesong ut og sesong inn med ein spesiell shorts, sette den tyske sosialpsykologen Lysann Damisch i gang eit studium på overtru og rutinar.

Michael Jordan

RUTINE: Verdas kanskje beste basketballspelar, Michael Jordan.

Foto: DANIEL LIPPITT / AFP

Funna som stod på trykk i Psychological Science i 2010, der ho konkluderer med ein samanheng.

Likevel kan styrkeforholdet mellom utøvarane utgjere skilnaden noko ho meiner forklarer kvifor lykketing ikkje alltid slår til.

– Med omsyn til dei verkeleg ypparlege prestasjonar, føreslår dagens funn på at det kan ha vore ein velbalansert kombinasjon av eksisterande talent, hard trening og «lykkeundertøy» som gjorde at Michael Jordan presterte så godt som han gjorde, avsluttar Damisch.

Den trua hadde nok også klubbpresidenten Pisa, Romeo Anconetani som hadde for vane å kaste salt på bana før kamp. Framfor ein viktig kamp skal italienaren ha strødd 26 kilo salt på grasmatta.

– Rett fokus

Gambiske Musa Camara prøvde voodoo-pulver for å hindre uflaks framfor kvalifiseringa til Africa-cupen. Gri Gri-pulveret på mållinja hjelpte ikkje keeperen særskilt. Gambia tapte 1–2 for Algerie.

Tom Henning Øvrebø

PSYKOLOG: Tom Henning Øvrebø har forska på stress og meistring av stress i arbeidslivet, samt motivasjon og trivsel.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Som utdanna psykolog tilknytt Olympiatoppen si avdeling for idrettspsykologi, har fotballdommar Tom Henning Øvrebø sett mange, men ikkje ekstreme, vanar blant norske idrettsutøvarar.

– Ofte går det i faste rutinar for å få rett fokus, seier han og legg til:

– Men vi har jo alle rutinar i kvardagen. Vi står opp om morgonen, gjer dei same tinga og sit på same plass i lunsjen. Det gjer oss meir komfortable og gir oss tryggleik.

Tvangsliding

Effekten av vanane, eller uvanane, er diskutable. Gir dei spelarane positive opplevingar, vil spelarane halde fast ved dei. I alle fall til det motsette er bevist.

Som regel går dei negative opplevingane med vanen i gløymeboka til idrettsutøvaren, slik at han likevel held fram med vanen.

– Ein blir meir merksam når det klaffar. Dei negative opplevingane gløymer ein gjerne fort, seier Øvrebø.

Dei har kanskje betydning for den enkelte, men kva effekt slike ting eigentleg har, får ein aldri svar på. Likevel gjorde dei ein meir komfortabel når ein gjekk på bana.

Tidlegar Tromsø-spelar, Trond Steinar Albertsen

Beckham stod fram

Faren er når vanen bikkar over til tvangstankar og dett påverkar i dagleglivet. Den engelske fotballspelaren David Beckham har tidlegare stått fram og fortalt om sin kamp mot tvangstankar, eller obsessiv-kompulsiv liding (OCD).

– Men kor viktig er det eigentleg for ein fotballspelar å bruke same boxershorts, same fotballsko eller å ete det same måltidet før kvar kamp?

– Då er du inne i ein klassisk magisk tankegang. Ein trur at det er noko utanfor seg sjølv som påverkar prestasjonane, noko det ikkje gjer. Men det er med på skape tryggleik, forutsigbarheit og set utøvaren i rett modus, seier Øvrebø.

Lykkeboxer

Kenneth Udjus klypper av fotballsokkane før kamp.

KOMFORT: Kenneth Udjus klypper alltid av fotballsokkane fordi tennissokkar sit betre i fotballskoa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Du gjentek gjerne ting som gir deg ei god oppleving, ro og tryggleik. Det er det viktigaste, stadfestar Sogndal-keeper Udjus.

Til dømes vil det nok gå lenge før du ser Sandnes Ulfs Bo Andersen sjå medspelarar ta straffespark. Sidan keeperen i fjor såg Aksel Berget Skjølsvik bomme på straffe mot Randaberg, har dansken snudd ryggen til når laget får straffe. Berget Skjølsvik vart i fjor straffekonge med 11 nettkjenningar frå kritmerket.

Gjer Ole Jørgen Halvorsen det godt i ein kamp, er sjansane store for at Fredrikstad-spelaren brukar same boksershorts i neste kamp – og heilt til scoringane stoggar opp.

– Då blir det å finne ein ny lykkeboxer eller noko nytt. Fotballspelarar er overtruiske. Det gjeld meg også, ler han.

Semb Berge starta jakta

Ein som i skrivande stund jaktar ny lykkeboxer er Fredrik Semb Berge, forsvararen til Odd Grenland. Sidan han kom tilbake etter skade i fjor haust, har 22-åringen halde fast på same Rolling Stones-boxeren i kvar kamp.

Fredrik Semb Berge

JAKTAR: Fredrik Semb Berge vedgår han er litt overtruisk. No jaktar han ny lykkeboxer.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Skienslaget leverte som kjent ein sterk haustsesong, som nesten heldt til medalje. I år er dei nemd som medaljekandidat, men har fått ein tung start på sesongen.

No skal altså boxeren «avskiltast».

– Vi har starta så dårleg i år og eg har fått så lite speletid, at no er det nok. Den har vore med på mange oppturar, så den er vel gjerne oppbrukt, ler han.

Dette gjorde «Sleggja»

– Kvar skal eg byrje, humrar Trond Johansen og vedgår han var ein svært overtruisk spelar for Tromøs på 80- og 90-talet. Den no 49 år gamle angrepsspelaren hadde ein frykta venstrefot, som gav han kallenamnet ”Slegga”.

På bortebane skulle han aldri trø i graset før han hadde på seg fotballskoa.

– Eg hadde vel to-tre-fire ulike ting. Den verste galskapen var vel knytt til venstrefoten. Den var godt ivareteke og vart alltid gjort klar med leggskinn, sokkar og sko før høgrefoten, fortel han og legg til:

– Var eg ukonsentrert og gjorde det feil, så måtte eg av med alt og byrje på nytt, ler han og har vanskar med å forklare kvifor det vart slik.

Alle har vel i utgangspunktet ein vane som ein gjennomfører i høve til prestasjonar. Det vere korleis ein tek på drakta, toalettbesøk, rop, spark i veggen. Dette er slikt som må/skal gjennomførast.

Tidlegar Tromsø-spelar, Trond Steinar Albertsen

Først og sist på bana

I Sogndal går Henrik Furebotn rett i spelartunnelen når dommaren bles i fløyta. Her har årdølen fleire gonger stått venta fleire minutt på at resten skal komme – berre for å sikre at han er førstemann på bana til kampstart. Så langt er han aldri blitt utfordra på det.

Som spelar på Tromsø var det motsett for Trond Steinar Albertsen. Han skulle vere sist på med drakta, og sist på bana. Og han vart utfordra.

Lars Espejord og Arne Amundsen før cupfinalen i 1986.

LYKKE TIL: Kapteinane Lars Espejord (t.v.) og Arne Amundsen tek kvarandre ynskjer kvarandre lykke til før cupfinalen i 1986 – og før Truls Jenssen scorar 3-1, og det nest siste målet, i kampen.

Foto: Gjellesvik, Inge / SCANPIX

– Det hendte nok at eg måtte ta drakta på meg på veg ut av garderoben, men eg trur nok eg klarte det 99 av 100 gonger. Som regel hadde eg kontroll på kor langt dei andre var komen i påkledinga, seier han.

– Kva hadde skjedd dersom fleire spelarar måtte sist på bana?

– Då hadde det blitt ein «fight», men trenaren hadde nok gitt klar beskjed om at ein måtte gje seg. Vi kunne jo ikkje ha starta kampen med ni spelarar fordi to stod i garderoben og stanga, ler han.

Møtte respekt

Av eigne erfaringar meiner Albertsen at fotballspelarar respekterer kvarandre sine vanar og uvanar. Dei er til sjuande og sist del av den individuelle førebuinga til kampane.

At alle presterer optimalt, er også noko laget er tent med. Men i ein kompisgjeng, som eit fotballag ofte blir, er det også rom for ablegøyer.

– Spelarane respekterte kvarandre sine ulike ting, men etter kvart prøvde ein gjerne å strekkje strikken for gøy. Dei forsøkte å lure meg ved eitt par høve, så det hende nok at eg tok trøya på meg på veg ut av garderoben, seier han.

Kylling = mål

Vanar er ikkje berre knytt til overtru og det psykologiske aspektet ved fotball, men også til komfort og fysiologi. Faste og visse matvaner, samt rikeleg energidrikk på kampdagen er gjengangarar.

I tillegg til biff dagen før kamp, må Sandnes Ulfs Bjørnar Holmvik ete 15–25 oliven før han går på bana.

Bjørnar Holmvik

OLIVEN: Bjørnar Holmvik må ha oliven før kamp.

Foto: Sandnesulf.no

– Det er noko eg lærte av far min som 12-13-åring, og har ei logisk forklaring. Oliven har høgt konsentrat av salt, og salt bind som kjent opp vatn. Treff eg med rette mengda oliven så føler eg at eg kan springe nærast uendeleg. Du merkar stor skilnad, seier den tidlegare Brann-spelaren.

Tonny Brockmann Christensen og Ulrik Flo i Sogndal meiner dei i oppkøyringa i vinter fekk høvesvis fem og tre mål på kjøpet av kylling med panini før kamp.

– No har vi ikkje gjort det sidan vi slo Odd Grenland i serieopninga. Kanskje det er det som gjer at vi manglar på måla no. Det spørst om vi ikkje må ta den opp att, ler Flo.

– Kanskje litt flautt?

Ole Jørgen Halvorsen, FFK

OVERTRU: Ole Jørgen Halvorsen.

Foto: Bjørn Ruud/NRK

Overtru er som med gåver, det er tanke som tel. Og spelarane ser både humor og galskap i vanane som er blant dei, men som samstundes gjer dei godkjensla til å halde dei.

Det kan også vere årsaka til at mange spelarar har ritual som vanskeleg kan sjåast med det blotte auge, som til dømes å ta høgreskoen først opp av bagen eller å be ei stille bøn før kamp.

– Det er ikkje alltid ein fortel om slikt. Det er kanskje litt flautt, men eg veit at mange har slike vanar, seier Halvorsen i Fredrikstad.

Viktig som gruppe

Rutinar blant enkeltspelarane er ein ting, men ein finn også einskilde rutinar for spelarane som gruppe.

Fleire lag har høg musikk dunkande i garderoben, og samling i sirkel for ein siste peptalk som fast rutine før avspark. Rutinane handlar om samhald.

– Dei gruppeorienterte rutinane har nok same prinsipp som dei individuelle, men er absolutt viktigare enn kva kvar enkeltspelar gjer. Det handlar om at gruppa i fellesskap byggjer opp til kamp, at dei samla gjer gode førebuingar til konkurransen, forklarer idrettspsykolog Øvrebø.

Trur ikkje på det

Jonas Olsson

SKEPTISK: Jonas Olsson trur ikkje på overtru.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Sogndal-trenar Jonas Olsson ser ikkje på seg sjølv som overtruisk. Han trur ikkje at disiplane sine ritual påverkar det sportslege nemneverdig og meiner gode prestasjonar på bana har ei heilt anna forklaring.

Han nikkar aksepterande og trekkjer på smilebandet til spørsmål om korleis han stiller seg til at slikt finst i spelargruppa.

– Så lenge dei trur på det, og vi vinn kampar, så får dei gjere som dei vil. Men eg trur meir på at ein skal tenkje positivt heile tida. Det gjer dei beste golfspelarane og tennisspelarane, seier han.

Trusa på vranga?

Ei kjent historie om overtru overspeglar nok dei fleste i fotballmiljøet i Sogndal. Nemleg oppmannen som alltid hadde på seg den same stillongsen på kamp. Sommar som vinter.

På reise i utlandet gløymde han stillongsen att i Norge, og måtte ha den ettersendt til Sogndal spelte kamp.

I heimlandet er Haugesund-spiss Nikola Djurdjic vand med religiøse vanar før kamp. Serbaren let seg difor ikkje vippe av pinnen om han ser med- eller motspelarar gjennomføre ritual før kamp.

Men når han blir fortalt om rumenaren Adrian Mutu sin bisarre vane om å spele med trusa på vranga, sperrar han opp augo.

– Javel, kanskje eg skal prøve det også, ler 26-åringen før han tuslar tilbake til garderoben.

Elskovsstatuen til Ulrik Flo.

LUKKE: Sogndal har gått fem seriekampar på rad etter at Ulrik Flo tok denne statuen inn i garderoben og byrja å kysse den.

Foto: Rune Sjøberg