Moldestad får dette trykket av Knut Rumohr
Premien er ein tur til NRK Sogn og Fjordane der ho får utdelt eit originalt grafisk trykk av den kjende kunstnaren Knut Rumohr. Han er frå Frønningen i Sogn, og ein av dei mest kjende kunstnarane i Norge.
Dei to andre finalistane, Lene Jordanger og Hans Johan Sagrusten, vil få ei overrasking frå oss i posten.
Vinnarteksten skal no spelast inn i Kanalen Lydstudio i Florø, med Arne Håberg som solist. Og neste veke blir det endelege resultatet å høyre på lokalradioen. Den førebelse versjonen kan du høyre her på internett nokre dagar til.
JULESTJERNA
juryen som plukka ut finalistane
Sjå på julestjerna
sjå kor klår ho er,
klår som fyrste natta
barnet Jesus kvilte her.
Stjerna viste vegen,
for eit kongetog.
Enno kan ho leia oss
til krubba der han låg.
Sjå på julestjerna
sjå kor rein ho er,
rein som faderkjærleik
i frå Gud til alle her.
Ill: Heidi Lise Bakke
Stjerna er ei helsing
til ei elska verd;
vend attende til din heim
for du er sakna der.
Sjå på julestjerna,
hennar varme ljos
gyller vinternatta,
ho er trufast himmellos.
Stjerna syner Jesus
livet som han gav,
livet som vi eig i trua
bortom død og grav.