NRK Meny
Normal

«Om det blir så gøy som dette å bli gammal, så gler eg meg»

FØRDE (NRK): Elisabeth Moberg sitt neste prosjekt er nesten som eit Kinder-egg. – Litt nifst, men artig og leikent, gliser 53-åringen frå Bergen.

Elisabeth Moberg

JUBILEUM: Premieren 10. februar er allereie utseld. Sidan skal Elisabeth Moberg og medskodespelarane i «Evig Ung» innom 14 kommunar i Sogn og Fjordane, og ein svipptur innom Hordaland. Stykket er teateret si markering av 40-årsjubileet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Noko anna kan det vel heller ikkje bli når Elisabeth Moberg spelar seg sjølv – om 40 år.

– Det er første gang eg spelar noko så nær meg sjølv. Eg trur far min blir ganske overraska når han ser stykket, humrar 53-åringen.

Spelar seg sjølv

Bergensaren har hatt eit svært interessant møte med seg sjølv den siste tida. Og prosessen med å finne seg sjølv langt fram i tid har vore spesiell for Moberg.

Spesielt når det inneber å plassere seg sjølv 40–50 år fram i tid, med dei populære låtane frå då ein sjølv var ungdom. Då strøymer minna på.

– Låtane får ei anna betydning når vi står her som gamle og framfører dei. Det blir både vittig og rørande. Det blir mykje latter og gråt på prøvene, seier ho.

Vart allemannseige

Som ei av dei eksentriske damene i «Kvinner på randen» herja Moberg i nær ti år på teater og TV-skjermar. Dei farta land og strand rundt, fekk prisar og vart allemannseige.

Vi er på Sogn og Fjordane teater der vi møter Elisabeth Moberg som skal spele hovedrolla i stykket Evig Ung.

SJÅ TV-SAK: Elisabeth Moberg har brukt seg sjølv svært spesifikt i Sogn og Fjordane Teater si jubileumsførestilling

Gruppa gjekk kvar sin veg i 2005. Sidan har musikalpublikumet fått oppleve den andre sida Moberg. Musikal blir det også med «Evig Ung». Då med eit godt snev av humor.

– Det er fantastisk rart å tolke meg sjølv som gammal. Eg trur mange vil kjenne seg att i mykje. Og ikkje minst finne mykje å le av, seier ho.

Lærte litt om seg sjølv

Musikalkomedien er Sogn og Fjordane Teater si markering av 40-årsjubileet. Etter premieren 10. februar, ventar ein månad på landevegen i Sogn og Fjordane og ein «svipptur» innom heimfylket hennar.

Elisabeth Moberg i Evig Ung

HUMOR: Elisabeth Moberg blir både latterfull og sentimental når teaterscena blir gjort om til ein gamleheim der skodespelarane drøymer seg 40 år tilbake i tid.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Ho ynskjer å invitere publikum til leik, og ei magisk oppleving i teatersalen.

– Vi prøver å ta fram vitaliteten i eit liv, og respekten som bur i eit menneske. Når ein er ung, så trur ein at ein er ferdig på 30 år, så på 40, 50 og 60 og så vidare. Men det er det jo ikkje. Eller, no veit eg ikkje noko om 60 endå, så vi får sjå, skrattar Moberg.

– Har du lært noko om deg sjølv?

– Ja, men det er for privat. Eg kan ikkje fortelje det. Men det er ganske artig at eg finnast om 40–50 år, at eg har tourettes og seier så mykje grotesk.

– Er du redd for å bli gammal?

– Eg er redd for å bli sjuk og miste privatlivet. Det er relevant å vere redd for. Men blir det så gøy som dette, så gler eg meg.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser