NRK Meny
Normal

Elis-vekst flata ut

Veksten til databedrifta Elis i Dale i Sunnfjord har stoppa opp.

Omsetnaden har auka med fleire millionar årleg dei siste åra, men den flata ut i fjor.

Dagleg leiar, Ove Myklebust, seier årsaka er at dei har tilsett fleire folk, bygd opp nye lokale og kjøpt inn ny programvare. Han er ikkje uroa over tilbakegangen.

Resultatet etter skatt enda på over seks millionar kroner i fjor. Dette er ein nedgang på over hundre tusen sidan 2004.

 

Vegopning på Bergum i Førde kommune