Hopp til innhold

Her venta folk i over halvtimen på å få røyste

På Vassenden i Jølster har folk måtte vente i over halvtimen for å gi si røyst ved kommune- og fylkestingsvalet.

Elias Slåtten

LANG KØ: – Det var sjølvsagt dumt at køane vart så lange, men det var god stemning i rekkjene og ingen surmuling, seier Elias Slåtten frå Jølster.

Foto: Privat

– Det var sjølvsagt dumt at køane vart så lange, men det var god stemning i rekkjene og ingen surmuling, seier Elias Slåtten frå Jølster.

18-åringen er Venstre sin ungdomskandidat til kommunevalet i Sunnfjord kommune.

Sjølv måtte han vente i kring halvtimen før han fekk røysta i ein av dei tre valbåsane på Vassenden.

– Det var lang kø, men eigentleg så var det litt hyggeleg. Ein fekk snakka mykje med folk som ein kanskje ikkje snakkar så mykje med elles, seier Elias Slåtten.

Fleire valde å gå heim

Etter det NRK får opplyst var ventetida noko lenger tidlegare på dagen. Fleire skal då ha vald å gå heim for så å komme tilbake seinare på ettermiddagen.

Slåtten er usikker på om den lange køen gjorde at enkelte valde å ikkje stemme. Slik ein opplevde i Bergen .

– Eg håpar ikkje det, men det er klart at det blir lite med tre val-båsar til alle. Det må gjerast betre neste gang. Men eg opplevde ikkje surmuling i rekkjene, seier Slåtten.

– Jamt pådrag med folk

Lang kø ved vallokala på Vassenden

VENTING: Vallokala på Vassenden er på ungdomsskulen på Vassenden. Jølster er i år redusert til to valkrinsar.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Rådmann i Førde kommune, og rådmann i nye Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad ser ikkje vekk ifrå at ein kan ha undervurdert effekten av å slå saman valkrinsar.

Dei til saman atten stemmekrinsane i dei noverande fire sunnfjordkommunane er redusert til 12 ved årets val. I Jølster er kommunen delt i to.

– Vi får melding om jamt stort trykk, men dei var ikkje stressa på Vassenden. Vi høyrer også frå andre stader at det er bra pådrag med folk som vil røyste, seier Østenstad.

Auka kapasiteten

Rådmannen seier at valet i år blir gjennomført utan dei store endringane i vallokala.

– I Førdehuset har vi hatt fem-seks minuttar kø på avkryssing i manntalet. Vi aukar kapasiteten frå fire til fem roder, seier Østenstad.

Han er usikker på kvifor det i år verkar for å vere større pågang ved vallokala.

– Det er nok eit val som engasjerer, men ein kan ikkje komme bort frå at vi kan ha undervurdert effekten av å redusere tal valkrinsar og at røystelokala er underdimensjonert. Ei anna årsak er at det er første valet i Sunnfjord kommune, og at folk gjerne brukar lengre tid i stemmeavlukka, seier han.

Rekordoppslutnad

– Dette er moment vi må ta med oss i evalueringa av valet i år.

– Du er ikkje redd for at folk går utan å røyste?

– Nei. Eg har snakka med litt folk i køen, og det er god stemning, seier han.

På Vassenden er Slåtten glad for full parkeringsplass og lang kø ved vallokalet. Han håpar at rekordoppslutnad mange kommunar opplever ved førehandsrøystinga, viser att på valoppslutnaden.

– Demokratiet fungerer, og det er flott at folk kjem seg ut og brukar røysteretten, seier han.