Hopp til innhold

Eli Anne varma opp til EM med 5 km i Jølster

Før Eli Anne skal til EM i motbakkeløp, fleska ho til med siger og ny rekord på 5-kilometeren heime i Jølster.

Eli Anne Dvergsdal

KLAR FOR EM: Eli Anne Dvergsdal vann 5 km på heimebane. Her frå EM i 2015.

Foto: Privat

– Det er alltid kjekt å sette nye rekordar. Det er motiverande, seier Eli Anne Dvergsdal.

Ho sprang 5 kilometer under Jølster maraton, og trass i litt motvind i Jølster, slo ho den førre rekorden med om lag eitt minutt. Tidlegare har ho vunne både 10 km og halvmaraton i Jølster, og no er ho straks klar for EM i motbakke.

– Det var veldig fint, og eg følte meg sterk i dag, seier Jølstringen, som sprang for Gular i Bergen.

Maratondebutant tok siger

Under arrangementet kan ein springe fire ulike distansar. 5 km, 10, km, halvmaraton og heilmaraton. Jens Andreas Melheim frå Hafslo stakk av med sigeren i herreklassen på den lengste distansen. Og det var første gongen han deltok i den distansen.

– Det var godt å få gjennomført mitt første maraton. Eg hadde ein plan om å halde jamn fart heile, men dei blei mykje motvind, seier han.

Jølster Melheim

I LEIING: Vinnar, Jens Andreas i svart skjorte til høgre, hadde aldri før sprunge maraton.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

42-åringen seier sigeren ikkje betyr så mykje, og at han hadde eit tungt løp.

– Det er jo ikkje ei kjempetid. Eg er berre ein glad mosjonist, seier Melheim.

Løpet har vore arrangert sidan 1983, og i år sprang 370 i konkurranseklassen. I tillegg var 350 mosjonistar med. Ifølge arrangøren var det godt springevêr.

– Det var ein veldig fin dag til å springe langt. Det var ikkje så varmt som det har vore dei siste dagane, seier Johnny Solheimsnes.

Her er alle vinnarane:

Her kjem han i mål

SIGER: Her kjem vinnaren av maraton i herreklassen over målstreken.

Foto: Johnny Solheimsnes

Maraton:

  • Jens Andreas Melheim, 2.51.32
  • Vivian Kyte, 3.13.11

Halvmaraton:

  • Knut Olav Øygard, 1.16.32
  • Trine Bjørvik, 1.32.12

10 km:

  • Eivind Øygard, 31.49
  • Ane Brekke, 41.08

5 km:

  • Marius Vedvik, 14.37
  • Eli Anne Dvergsdal, 17.19