Eli Anne (27) nådde målet – no skal ho nyte finalen

Ei lang influensasjuke i sommar var på nippet å øydeleggje Eli Anne Dvergsdal sitt håp om finaleplass i fjellmaratoncupen Golden Trail Series.

Eli Anne Dvergsdal i Ring of Steall Skyrace i Skottland

FINALEKLAR: Med tiendeplass i Skottland i helga, er Eli Anne Dvergsdal (27) frå Jølster klar for finalen i Golden Trail Series. – Det hadde vore stort å stå att som vinnar av Golden Trail Series, men etter ein lang sjukdomsperiode, skal det halde hardt, seier ho.

Foto: MARTINA VALMASSOI

– Det vart vel spennande på slutten, men det gjekk. Med fjerdeplass i samandraget, er eg klar for finaleløpet i Nepal, jublar Eli Anne Dvergsdal.

Tre norske håp

Yngvild Kaspersen i Ring of Steall Skyrace i Skottland

FINALEKLAR: Yngvild Kaspersen frå Tromsø enda på åttande plass i samandraget, og er klar for finaleløpet i Tibet.

Foto: Martina Valmassoi

Det vart «berre» 10.-plass i Ring of Steall Skyrace i Skottland, men likevel nok til å kapre ein solid 4.-plass i Golden Trail Series.

Av ti menn og ti kvinner, blir Dvergsdal, Yngvild Kaspersen og Stian Angermund-Vik dei norske håpa under finaleløpet Annapurna i Nepal. Finalen er 25. oktober.

– Før eg stilte i Zegama-Aizkorri hadde eg aldri trudd på det. Då eg vann der, sette eg meg finaleplassen som mål. Med tredjeplassen i Chamonix rekna eg med det skulle gå. Eg trengde berre eitt ok løp til, seier 27-åringen.

– Måtte vere forsiktig

Det skulle vise seg å bli lettare sagt enn gjort. Då jølstringen reiste til det tredje løpet, i Dolomittane, fekk ho influensa, og ikkje poeng, med seg heim frå Italia.

Eli Anne Dvergsdal i Ring of Steall Skyrace i Skottland

TEKNISK: – Ring of Steall er ei veldig teknisk løype med mykje bratt terreng. Det var ei fin og spennande løype, seier Eli Anne Dvergsdal.

Foto: Martina Valmassoi

Berre dei ti beste menn og kvinner i samandraget får springe finaleløpet og der krevst det tre teljande løp. Dermed vart det breste eller bær i det sjette, og siste løpet, i Skottland.

– Med berre tre veker med trening måtte eg vere forsiktig. Det vart ikkje noko supert løp. Eg var berre innstilt på å vere blant dei 20 beste, fortel Dvergsdal.

– Tung dag på langt løp

Stian Angermund-Vik i Ring of Steall Skyrace i Skottland

SALTO: Slik fullførte bergensaren Stian Angermund-Vik det sjette og siste løpet i Golden Trail Series. Med femteplass i samandraget er også han klar for Annapurna.

Foto: Martina Valmassoi

Med tida 4:27:01 på dei tre mila, var Dvergsdal nær timen bak sveitsiske Judith Wyder. Ho klarte ei plassering blant dei 20 beste med vel ein times margin.

– Det var ein tung dag på eit langt løp, og springinga var roleg, seier ho som likevel sikra seg fjerdeplass i samandraget og vel 50.000 kroner i pengepremie.

I tillegg til gratis reise til det 42 kilometer lange finaleløpet. Løypa er 1 200 meter over havet på det lågaste, og 3 750 meter over havet på det høgaste.

– Eg har vore sjuk og har eigentleg nådd målet med å bli topp ti, så løpet skal eg berre nyte. Det blir meir ei oppleving enn eit viktig løp, seier ho.

– Korleis skal du førebu deg?

– Først å fremst å kome skikkeleg i trening att etter sjukdom. Så må eg nok reise ned nokre veker i førevegen for å venne meg til høgda, så eg ikkje blir sjuk eller får ei dårleg oppleving.