Hopp til innhold

Elferjer reduserer utslepp like mykje som 87.500 bilar

SOGNEFJORDEN (NRK): Innan 2021 vil 70 elektriske bilferjer ha kutta CO₂-utsleppet tilsvarande utsleppet frå 87.500 personbilar.

Jan Ove Høyum og Håvard Tonjer Nilsen framfor ferja.

FORNØGD: Jan-Ove Høyum og Håvard Tonjer Nilsen hadde ansvar for å frakte folk til og frå elferja «Giskøy» under den avsluttande prøveturen. Dei er begge glade for at ferja bidreg til eit betre miljø.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vi glir utover Sognefjorden utan at vi høyrer noko form for motorstøy frå «Giskøy». Avstanden til skipsverftet Havyard Leirvik der ferja er bygd blir gradvis større. Lengst nede i skipet, under havoverflata, ligg eigne rom for mottak av straum og overføring til batteria. Ei stor og tung metalldør blir opna.

– Her har vi batteria våre. Totalt har vi 35 tonn med batteri på skipet, fortel Erlend Hatleberg, prosjektleiar for batteriferjene ved Havyard Leirvik. Batteria er kvite og det luktar nymåla.

Erlend Hatleberg ombord i elferje

ENORME BATTERI: Erlend Hatleberg i eit av dei to batteriromma på «Giskøy». Alle batteria på ferja veg til saman 35 tonn.

Foto: Bård Siem / NRK

Reiarlaget Fjord1 skal snart ta «Giskøy» i bruk i eit samband på Sunnmøre. Innan den tid skal ferja gjennom fleire testar på Sognefjorden, som NRK er med på.

Jan-Ove Høyum har ansvaret for maten om bord og for å frakte folk til og frå ferja.

– Det er kjekt at vi bygger ein båt som bidreg til eit betre miljø, seier han.

Snart vil 70 elferjer vere i drift

Det er 170 ferjesamband og om lag 200 ferjer i Noreg. Før elektrifiseringa i 2016 slapp den samla ferjeflåten ut 600.000 tonn CO₂ i året.

– Det er 10 elektriske ferjer i drift i dag, men det kjem fleire som perler på ei snor framover. I løpet av 2021 vil vi ha over 70 ferjer med batteri om bord, seier avdelingsdirektør Edvard Sandvik, ansvarleg for ferjedrifta i Statens vegvesen.

Alle ferjer skal bli elektriske innan 2025

I gjennomsnitt slepp kvar norsk ferje ut 2500 tonn CO₂ i året. Med 70 elferjer i drift i 2021 vil den samle reduksjonen i CO₂-utslepp bli på 175.000 tonn. Dette svarar til utsleppet frå 87.500 personbilar.

– Utsleppsreduksjonen er formidabel, seier Sandvik. Regjeringa har som mål at all ferjedrift skal elektrifiserast innan 2025. Blir alle filferjer utsleppsfrie, vil det bety reduserte utslepp tilsvarande 300.000 personbilar.

Tilbake på «Giskøy» sit den røynde kapteinen Kjartan Vilnes og styrer elferja med stø hand.

– Det er nesten utruleg at ein greier å lage skip som ikkje har utslepp og som går så stille, seier han smilande.

Kaprtein Kjartan Vilnes ombord i elferja

LIKAR SEG: Kaptein Kjartan Vilnes likar seg om bord i den splitter nye elferja «Giskøy». Det er nesten utruleg at det kan lagast skip som ikkje har utslepp og som nesten ikkje lagar lyd, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Får skryt av Bellona

Også miljørørsla jublar over omlegginga av ferjesektoren. Miljøstiftinga Bellona seier at tempoet i ferjerevolusjonen har gått fortare enn dei hadde trudd.

– Batteriteknologi er ein god erstatning for fossile drivstoff i ferjer, og vi må berre heie på at denne omlegginga skjer så fort, seier seniorrådgjevar i Bellona Jan Kjetil Paulsen.

Men sjølv om elektrifiseringa av ferjene ser ut til å ha mange støttespelarar, vil det også koste svært mykje pengar. Gamle ferjer skal bytast ut, og det må installerast dyre ladestasjonar på ferjekaiene.

– For oss som fylkeskommune blir kostnadane høgare enn dei har vore med dei gamle ferjene, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane. Ho har tidlegare varsla at ferjerevolusjonen i verste fall kan gå ut over skuletilbodet i distrikta.

Vil delta i det grøne skiftet

Fylka får likevel mykje økonomisk hjelp til omlegginga.

Det statlege føretaket Enova har sidan 2015 delt ut 1,4 milliardar kroner til ulike skipsprosjekt. Enova har i tillegg delt ut 440 millionar kroner til landstrømanlegg i same periode.

Prosjektleiar Svein Arne Torvanger i Fjord1 gler seg til at dei kan ta «Giskøy» i bruk.

– Vi er med på det grøne skiftet og då må vi ha ferjer som går på straum. Elferjene vil vere bra for miljøet, gje gode opplevingar for dei reisande og vil vere ein god arbeidsplass for våre tilsette, seier han.