Hopp til innhold

Elferja får ikkje lade - berre to ferjer i drift

Ladeproblema til elferja «Ampere» held fram. Problem med ladestasjonane på land gjer at berre to ferjer trafikkerer E39-sambandet søndag.

"Ampere"

UTE AV DRIFT: Den elektriske bilferja «Ampere» står søndag over dei fleste turane på Lavik–Oppedal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er noko med ladinga. Inntil vidare går vi med ferjeavgangar på 25 minutts intervall, opplyser driftsvakt Arve Finnvik i Norled.

Kostar reiarlaget pengar

Prestisjeprosjektet «Ampere» har så langt hatt ein vanskeleg start på Sognefjorden. Den batteridrivne ferja som er bygt i Hardanger er den første i sitt slag. Den skulle gått i rute som ei av tre ferjer alt frå 1. januar då reiarlaget Norled tok over E39-sambandet etter Fjord1.

Ferja vart fleire veker forseinka før den vart sett i trafikk. Etter kort tid oppstod problem med ladestasjonen på Lavik-sida. Problem ein så langt ikkje har funne varig løysing på.

Reiarlaget hadde frist på seg til 1. april på å få bukt med ladeproblema til Ampere. Norled blir økonomisk straffa av Statens vegvesen når det ikkje går tre ferjer på sambandet, slik anbodet krev.

Kan bli ein og anna tur

Mens det til no har vore ladestasjonen på Lavik-sida som har vore trøblete, har det i løpet av helga også vore vanskar på Oppedal-sida, ifølgje driftsvakta i Norled.

– Det var problem på Oppedal-sida i går. Ferja får ikkje nok straum.

Inntil vidare blir det derfor ferjene «Stavanger» og «Stavangerfjord» som tek seg av trafikken over Sognefjorden.

– Men det kan vere at Ampere går enkelte turar, seier Finnvik.

Ferja mellom Lavik og Oppedal slit med ladinga som skulle vore på plass i januar.

SJÅ TV-REPORTASJE: Verdas første store elektriske bilferje har store ladeproblem.