NRK Meny
Normal

Elevorganisasjonen krev fleire helsesøstrer

Kommunane i fylket må setje psykisk helse framfor meir asfalt. Det er kravet frå Elevorganisasjonen i fylket.

Jenny Følling og Ragnhild Vassbotn

HELSE FRAMFOR ASFALT: Jenny Følling (t.v.) og Ragnhild Vassbotn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Helsesøstrer er viktig fordi det er så mange barn og unge som slit psykisk, og som slit med mobbing. Vi er glade for at regjeringa set fokus på mobbing, men vi er redde for at kommunane ikkje klarar å gjere det same, seier Ragnhild Vassbotn som er leiar i Elevorganisasjonen

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er det lagt inn 200 millionar kroner som er tiltenkt fleire helsesøstrer i kommunane.

Det same gjorde dei i fjor, noko som skulle betydd mellom 300 og 350 nye helsesøstrer. Fasiten vart 112.

– I år får dei like mykje pengar som i fjor, og i år må dei bruke pengane til helsesøstrer og ikkje asfalt seier, Ragnhild Vassbotn som er leiar i Elevorganisasjonen.

Lærar må få vere lærarar

Ifølge Elevorganisasjonen blir mellom 13 og 15 prosent av elevane i dag enten mobba, eller dei er mobbarar sjølve. På landsbasis råkar dette svært mange.

– Difor meiner vi det er viktig å gripe inn på eit tidleg tidspunkt, seier Vassbotn.

– Men er de sikre på at fleire helsesøstrer er den beste løysinga for å bekjempe mobbing?

– Vi snakkar om eit lag rundt eleven, ikkje nødvendigvis berre helsesøstrer. Det kan vere skulepsykologar og miljøkoordinatorar osb., men vi trur det er viktig at lærarane får vere lærarar og så kan helsesøstrene ta seg av det psykiske.

Viktig med fokus på psykisk helse

I kommunane sin interesseorganisasjon KS tykkjer fylkesleiar i KS, Jenny Følling, det er fint at Elevorganisasjonen set søkelys på helsa til dei unge.

– Helse er den viktigaste faktoren for at dei skal greie å lære, seier Følling.

Ho tykkjer det er bra at det no blir satsa på å auke opp ressursane til skulehelsetenesta, helsestasjonane og psykologteneste. Men peikar også på at dette er kommunane sitt ansvar, og at dei må prioritere blant mange viktige oppgåver.

– Ei slik satsing vil sette dei betre i stand til å prioritere, og så er eg nok redd for at det er ikkje prioritert så mykje asfalt heller, seier Følling.

I tillegg peikar ho på at det rett og slett er vanskeleg å få tak i helsesøstrer til dei stillingane dei alt har.

– Men her set staten av pengar til eit føremål, men pengane blir ikkje brukt til det?

– No er det slik at det er lagt inn i dei frie midlane, og då må kommunane bruke dei midlane dei har. Dersom dei har ei god helseteneste så brukar dei kanskje pengane på noko anna. Men den tillita må vi ha til kommunepolitikarane at dei tenker på ungdommen, seier Følling.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser