Hopp til innhold

– Det skjer mest i tiande klasse, for der er det karakterpress

FØRDE (NRK): Elevar ved ungdomsskulen fortel at pengar for gode karakterar er vanleg. Dei meiner også at det kan vera lurt.

Thale Fink og Ingebjørg Ness

HAR FORSTÅING: Thale Fink og Ingebjørg Ness forstår kvifor nokre foreldre vel å betale borna sine for å få gode karakterar.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Det gjeld ikkje alle, men mange nok til at ein høyrer om det, seier Thale Fink (15) og Ingebjørg Ness (15). Dei er elevrådsrepresentantar ved Førde ungdomsskule.

– Det skjer mest i tiande klasse, for der er det karakterpress, held Ness fram.

Sjølve har dei to tiandeklassingane aldri opplevd å bli tilbydde pengar frå foreldra.

– Det trur eg aldri ville skjedd heime hjå meg i alle fall, ler Fink.

For dei er det nok motivasjon at det handlar om å kome inn på dei studia dei vil.

– Det er for min eigen del eg gjer det bra på skulen, så då treng eg ikkje eit ekstra dytt i form av pengar, legg Ness til.

Les også: Elise fekk A i absolutt alle fag!

Forstår kvifor det gjerast

Trass i at tilbodet ikkje har vore på bordet for dei sjølve, kan dei lett forstå at det blir gjort i andre heimar.

– Eg trur det hjelper veldig mykje for dei som er svake i fag. Elevar som slit får jo godt med motivasjon viss dei får gåver eller pengar for å gjere det bra, seier Fink.

– Viss elevar er ganske flinke på skulen er det jo ikkje nødvendig. Men viss dei ligg litt dårleg an kan det hjelpe, seier Ness.

Og det er ikkje berre pengar som blir utlova som karakterdusør.

– Det er nokon som får turar for eksempel. Eg hugsar for nokre år sidan var det ein som fekk ein femmar i tysk og ein tur til Tyskland, seier Fink.

Les også: Store protestar mot nedlegging av skule

Opp til foreldra

Hallgeir Hamre, rektor ved Førde ungdomsskule, reagerer med alt anna enn avsky – sjølv om han skulle ønskje at motivasjonen hadde røter ein annan stad.

Hallgeir Hamre

STOLAR PÅ FORELDRA: Rektor ved Førde ungdomsskule, Hallgeir Hamre, meiner det må vere opp til kvar heim korleis dei vil beløne borna for godt arbeid på skulen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– I ei ideell verd hadde det vore indre motivasjon som dreiv elevane. Men, når foreldre vurderer det slik at dei vil gje borna sine ein ytre motivasjonsfaktor, har eg tillit til at dei klarar å passe på at ikkje går for langt, seier han.

Som rektor har han aldri vore ute for at det har oppstått noko problem rundt karakterbeløninga.

– Vi opplever ikkje dette som eit synleg problem her på skulen. Vi har aldri høyrt nokon seie «nei, der glapp den turen til Tyskland», eller «der gjekk eg glipp av tusen kroner», seier Hamre.

Han bekreftar det elevrådet meiner om karakterpress i tiande klasse.

– Det vi ser er at det er nokon liner på vidaregåande som er veldig vanskelege å kome inn på. Det driv tiandeklassingane til å få eit godt nok snitt til å kome inn der dei vil.

Han trur at dette held for dei fleste.

– Vi opplever det i seg sjølv som ein større motivasjonsdrivar enn ei eventuell pengegåve frå foreldra, seier Hamre.