Resultatet viser at under halvparten av dei spurde ønskjer kommunesamanslåing.
– Vi har ringt rundt til 700 personar rundt om kring i Sogn og Fjordane i ulike kommunar, med hovudvekt på Nordfjord og Sunnfjord.
Det fortel Åsmund Hordvik som er dagleg leiar i elevverksemda.
Etter fleire månaders arbeid kunne han og medelevane onsdag presentere resultatet frå gallupen.
– Vi har spurt om folk over 18 år om dei er positive til kommunesamanslåing, om dei er nøgde med å bu i sin eigen kommune, om dei er nøgde med fylkeskommunen, seier Hanne Kristin Ness Olsen.
Nøgde med eigen kommune
Resultatet frå undersøkinga viser at fleirtalet i så å seie alle kommunar seier nei til kommunesamanslåing.
– Berre Vågsøy er litt positive til å slå seg saman, forklarer Hordvik som elles nøgd registrerer at innbyggjarane i Flora er mest stoltaste av kommunen sin.
Skal ein tru elevundersøkinga ser det heller ikkje ut til at folk flest har noko stort ønskje om ein stor vestlandsregion i staden for dagens fylkesgrenser.
– Folk stiller seg overraskande positive til fylkeskommunen. Alle kommunar ville heller halde fram som eige fylke, i staden for å slå seg saman med til dømes Hordaland, seier Hordvik.
Malakoff og Lerum på topp – Helse Førde på botnen
Elevverksemda har også spurt om folk sine haldningar til 25 av dei mest kjende verksemdene i Sogn og Fjordane, der ein skulle rangere dei som merkevare frå topp til botn.
Best ut kom Malakoff rock festival på Nordfjoreid
– Ingen var i nærleiken av Malakoff. På andreplass har vi Lerum, som jo er gode på marknadsføring. Rett bak dei kom NRK Sogn og Fjordane, fortel Hordvik.
I botnen finn ein Helse Førde.
– Berre ein kommune var i hovudvekt positiv til Helse Førde, og det var Førde.
Sjå meir i videoen over.