Hopp til innhold

- Dette er lærarne sin fridomskamp

Første skuledag er ein merkedag for mange, og årets skulestart byrjar med streik på tre skular og for 113 lærarar. – Det er veldig spesielt, seier Steinar Strømsli, som ikkje får ta i mot elevar i dag.

Lærarstreik

STREIKEVILJE: Sjølv om lærarane helst ikkje vil råke elevane som er tredjepart i konflikten, er saka så viktig at streikeviljen er stor. I Førde er 113 lærarar tekne ut i streik til no.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

– Første skuledag er spesiell for elevane, lærarane, foreldra og oss i leiinga. Det er beklageleg at streiken råkar tredjepart, men kampen vår er så viktig og vi er særs motiverte for å stå på, seier assisterande rektor ved Halbrend skule, Steinar Strømsli.

Streiken har halde på i ei veke, og i Sogn og Fjordane er det til no 113 lærarar som er ute i streik, og ikkje kan ta i mot nye elevar i klasseromma i dag. Dei streikande underviser ved Halbrend skule, Førde Ungdomsskule og Hafstad Vidaregåande skule.

Fylkeskommunen har bede elevane ved Hafstad Vidaregåande skule om å møte opp som vanleg, trass i streiken. Elevane ved dei to andre skulane som er råka av streiken til no, skal ikkje møte opp, melder Førde kommune.

Steinar Strømsli, assisterande rektor ved Halbrend skule, i streik.

FRIDOMSKAMP: Steinar Strømsli meiner kampen som lærarane kjempar no kan samanliknast med ein fridomskamp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Pensum rullar vidare utan elevane

– Vi har vore forsiktige med å ta ut lærarar som arbeider med dei aller minste. Dei elevane som er råka av streiken er i stand til å ta vare på seg sjølve heime, så det er ikkje så dramatisk, men skule og undervisning blir det ikkje. Og pensum rullar og går, så dei taper sjølvsagt undervisning på dette, seier Strømsli.

På torsdag blir streiken ytterlegare trappa opp, og 37 lærarar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule samt 14 lærarar ved Førde Norsksenter går ut i streik. At streiken berre har råka skular i Førde til no, er ifølgje Strømsli eit strategisk val gjort av dei ulike forbunda og lokale tillitsvalde.

Står på krava så lenge dei må

– Det vi veit er at det ikkje kjem nye streikeuttak denne veka, då ville det vore varsla. Men korleis status er på måndag igjen, det veit vi ikkje, seier Strømsli.

Striden mellom arbeidsgjevar KS og lærarane handlar om arbeidstidsavtalen. Kor lenge skal lærarane arbeide kvar dag, og kvar skal dei vere når dei jobbar? Skal dei vere bundne til skulen og kontorplassen sin, eller kan dei ta med jobben heim, og arbeide på kveldstid? Det er nokre av spørsmåla som partane til no ikkje har klart å bli samde om.

– Arbeidstidsavtalen vi kjempar for er læraren sin fridomskamp. Vi må ha ein avtale som gjer det mogleg å ha ein god arbeidssituasjon og god undervisning. Lærarane ser alvoret i kampen, og det er stor streikevilje, understrekar Strømsli.