NRK Meny
Normal

Elevar evakuert etter røykutvikling

Elevar og lærarar kom seg raskt i tryggleik då brannalarmen gjekk på Stårheim skule i føremiddag.

Branntilløp på Stårheim skule

FULL UTRYKNING: Naudetatane frå Eid var raskt på plass på skulen på Stårheim.

Foto: Stig Høynes

Brannen blei varsla klokka 09.55 og brannvesenet var framme på staden klokka 10.14. Klokka 10.39 melder politiet på Twitter at situasjonen er under kontroll.

– Det som skjedde var at vi fekk ein automatisk brannalarm frå Stårheim skule. Vi kontakta skulen og fekk vite at det var røykutvikling på eit fyrrom, seier Magni Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.

Mannskap frå Eid brannvesen blei send ut og dei fekk raskt konstatert at det ikkje var snakk om opne flammar.

– Det synte seg å vere røyk som ein følgje av ein elektrisk feil. Det blei starta evakuering og både ungar og vaksne kom seg raskt ut av skulen, seier Brandsøy.

Det er 60 elevar på skulen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune