Hopp til innhold

– Utruleg stort og inspirerande å gå i Bø-brørne sine skispor

Elevane ved Skiskyttarlina på Stryn vidaregåande skule har nyleg fått ei formoppdatering direkte frå Johannes Bø. No har dei stor tru på OL-medalje til han eller storebror Tarjei.

Skiskyttarar

TRUR PÅ MEDALJE: Erlend Solhaug Myklebust, Mari Sollid Eide og Helge Kvam Karbø vurderer OL-programmet og moglegheitene for medalje.

Foto: Silje Guddal / NRK

Erlend Solhaug Myklebust frå Nordfjordeid går i andre klasse på skiskyttarlina i Stryn, og kan ikkje vente på at OL i Sotsji kjem i gang med sprinten komande laurdag.

– Eg er ganske spent, men eg gler meg veldig også, seier Myklebust.

Øvingane i Sotsji går like etter skulen er slutt. Elevane ved skiskyttarlina håpar å få tid til både skule, trening og konkurransane i OL.

– Vi har snakka om å ta ein prat med trenaren og for å spørje om å forskyve treninga litt, for at vi skal få med oss begge deler, seier 3.-klassing Mari Sollid Eide frå Sandane.

Helge Kvam Karbø frå Hellesylt går i same klasse som Eide. Han har teke sine forholdsreglar for å få med seg alt frå OL.

– Eg har lasta ned ein app, som gjer at eg kan verte oppdatert fortløpande om trening og OL skulle kollidere, seier han.

– Johannes er i god form og gler seg

Dei tre elevane synest det er stort å gå på same skule som Johannes Bø gjorde, og å studere skiskyting i heimkommunen til Johannes og Tarjei Bø.

– Det er utruleg stort. Vi ser at det mogleg å komme frå ein så liten plass og gjere det så utruleg bra. To utøvarar som kjempar om medalje i OL er heilt fantastisk, seier Myklebust.

Resultata til Johannes og Tarjei Bø inspirerer elevane.

– Ja, eg ynskjer å nå like langt. Eg veit at det er kjempevanskeleg. Ein må jobbe hardt og stå på heile tida. Hadde eg ikkje vore sjuk akkurat no, hadde eg trent 14–15 timar i veka, seier Karbø.

Eide prata med Johannes Bø i går. Då var han kome trygt fram til Sotsji.

– Han var spent. Men han gledde seg og sa han var i god form. Han han virka veldig fokusert og avslappa. Eg trur han prøver å halde nervane under kontroll. Han kjem til å takle det fint, seier Eide.

Myklebust slit sjølv av og til med nervar dagen før renn, og seier han søv litt dårleg. Han veit ikkje korleis dei som skal gå OL har det, men kjem med eit par råd.

– Det er mange som har forventningar og von. Det må dei skyve til side. Dei må nullstille seg og tenke at det er eit vanleg renn. Det er viktig å tenke enkelt, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

FLEIRE MEDALJAR: Elevane trur på fleire medaljar til Johannes (til venstre) og Tarjei Bø.

Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum (Montasje) / NRK

Medalje både på sprint og jaktstart

Komande laurdag er det 10 kilometer sprint. Myklebust har stor tru på brørne Bø.

– Det kjem til å gå veldig, veldig bra. Dei kjem til å overraske, og eg trur kanskje Tarjei kjem på pallen. Vi kan ikkje ha for høge forventningar til Johannes. Han er berre 20 år gamal, og konkurrentane har trent mange fleire år enn han, seier han.

Han har derimot svært stor tru på ein landsmann som er dobbelt så gamal som yngstebror Bø.

– Eg har svært stor tru på Ole Einar Bjørndalen på sprinten.

Resultata i sprinten på laurdag dannar utgangspunktet for jaktstarten neste måndag.

– Eg er einig med at Tarjei er ein pallkandidat på sprinten. Men eg trur Johannes gjer eit bra løp. Då vil han vere outsider på jaktstarten. Han startar kanskje litt lenger bak. Men då har han ikkje like mykje press på seg. Så eg trur han kan hevde seg der, seier Eide.

Karbø har størst tru på storebror Bø før jaktstarten.

– Eg trur vi får i alle fall ein medalje til Stryn. Eg er usikker på kven av brørne som får den. Men eg har eigentleg størst tru på Tarjei, seier han.

– Skytinga avgjerande

I dei individuelle konkurransar i OL får utøvarane ein strafferunde for å bomme på skytinga. Den tek normalt 22–25 sekund ekstra. Men på normaldistansen på 20 kilometer får dei eitt minutt i tillegg for kvar bom.

– Der er det ekstra viktig å skyte godt. Skytinga er avgjerande. Ein skal gå svært fort for å ta att eitt minutt, seier Myklebust.

Karbø trur ikkje stor fart i sporet kan kompensere dersom brørne skyt dårleg.

– Alle i toppen går fort, så eg trur ikkje dei greier å ta att eitt eller to minutt mot dei gutane der, seier han.

– Den som har dagen på standplass gjer det best på normalen. Der har alle moglegheiter. Den er verre for dei som bommar, fordi straffa er større. Ein må vere 100 prosent fokusert, seier Eide.

– Formel 1-distansen

16 februar er det fellesstart. Då startar alle på likt, og første mann til mål etter 15 kilometer og fire skytingar vinn. Det er den mest publikumsvennlege og den store distansen, meiner Myklebust.

– Den er skiskytinga sin Formel 1. Den som vinn der, er på ein måte best i skyskyting, seier han.

Dette er brørne Bø sin store moglegheit, trur Eide.

– Draumescenarioet er at Tarjei og Johannes står der mann mot mann på siste skyting. Begge to plaffar ned alle blinkane, og så får vi den duellen på sisterunden. Har vi med begge inn på siste skyting, kan alt skje, seier ho.

Skulle det ikkje gå vegen på dei individuelle distansane, er stafetten 22. februar siste moglegheit.

Elevane ved skiskyttarlina trur begge får gå og at det vert siger til Noreg.

– Vi får to gull. Johannes får sitt første OL-gull på stafetten, akkurat slik Tarjei gjorde det i OL for fire år sidan, seier Karbø.

– Stafetten går i boks, seier Eide.