NRK Meny
Normal

– Eg tykkjer lærarane har eit godt poeng, så i grunn er det greitt at dei streikar

Starten på skuleåret blei litt amputert i Førde. Ved Hafstad vidaregåande skule møtte elevane opp, men med 42 lærarar i streik blir det lite skule på elevane. Om streiken held fram vurderar skulen å stengje.

Gaute Nyland, Petter Thue og Elias Øvretveit Larsen

STØTTAR LÆRARANE: F.v. Gaute Nyland, Petter Thue og Elias Øvretveit Larsen forstår kvifor lærarane deira streikar, sjølv om skulestarten ikkje blir som planlagt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi kjem litt seint i gong, men det er ikkje noko vi kan gjere med det. Eg hadde kanskje sett pris på at vi hadde kome i gong med skuleåret så vi slepp å ta att så mykje seinare, seier Petter Thue som skal starte andre året på studiespesialisering.

Ved inngangen til Hafstad vidaregåande skule i Førde står ein heil gjeng med lærarar iført gule vestar og t-skjorter som fortel at dei er i streik. Forbi dei går elevane på veg til sin første skuledag etter ferien.

Tre skular i Førde er tekne ut i streik. Lærarar ved Halbrend skule, Førde ungdomsskule og Hafstad vidaregåande skule er dei som no streikar. Frå torsdag 21. august blir det i tillegg tatt ut 14 lærarar ved Førde Norsksenter og 37 ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

(Artikkelen held fram under videoen)

Alle lærarane på Førde Ungdomsskule, Halbrend Skule streikar. På Hafstad v.g.s er det nokre som streikar og nokre som er på arbeid.

SJÅ VIDEO: Tre skular i Førde er tekne ut i streik med til saman 113 lærar. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

Greitt med streik

Berre 18 av dei 60 lærarane ved Hafstad vidaregåande er på arbeid i dag. Resten streikar.

Thue og klassekameratane Gaute Nyland og Elias Øvretveit Larsen skjønar godt kvifor lærarane streikar, sjølv om det går utover skulestarten deira.

Gaute, Petter og Elias

TREIG SKULESTART: F.v. Gaute Nyland, Petter Thue og Elias Øvretveit Larsen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg tykkjer lærarane har eit godt poeng, så i grunn meiner eg det er greitt at dei streikar, seier Øvretveit Larsen.

Elevane har god greie på kvifor lærarane deira streikar.

– Det er om arbeidstidene. Dei vil kjempe for å ha den arbeidstida dei hadde, i staden for åtte til fire som dei no må ha. Eg trur det vil vere eit større problem for lærarar å ha slike arbeidstider enn i enkelte andre jobbar. Dei må planlegge mykje og legg opp arbeid for dei neste vekene. Då er det jo kanskje optimalt å ha ein lengre arbeidsdag, meiner Nyland.

Støttar lærarane sine

Øvretveit Larsen seier dei ønskjer at lærarane skal få moglegheita til å gjere jobben sin så godt dei kan. Elevane er redd dei ikkje får gått gjennom det dei skal på eit år, noko som kan gje dårlegare resultat på eksamen.

– Eg står fullt på lærarane si side. Om dei skal jobbe frå åtte til fire, så vil jo arbeidet med å rette prøvar ta mykje lengre tid, og det kan gå månader før vi får att prøvane. Det blir heilt feil, meiner Thue.

Likevel tenkjer elevane på at dei burde kome i gong snart. For det kan bli mykje pensum å ta att seinare, og det er meir strevsamt enn å arbeide jamt og trutt frå byrjinga.

(Artikkelen held fram under bilete)

Lærarstreik Hafstad vidaregåande

STREIK: Lærarane ved Hafstad vidaregåande hadde stilt seg opp framfor skulen iført streikeantrekk. Elevane som gjekk forbi vart påspandert godteri av lærarane sine.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vil vurdere å stengje skulen

– Det har vore ein hektisk dag, og det skulle berre mangle. Når så mange lærarar er vekke så merkar vi det, seier rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande.

Første skuledag har gått med til å registrere elevane og dele ut informasjon. Med mesteparten av lærarane ute i streik blir det lite skuletimar på elevane.

– Dei lærarane som ikkje streikar, underviser etter timeplanen, seier Øren. Ho legg til at det skjer mykje anna den første veka utanom skuletimane. Det gjeld både fotografering, utdeling av bøker og andre ting som må til for å få i gong skuleåret.

Øren ser ikkje bort frå at dersom streiken held fram må skulen vurdere om dei skal stengje.

– Vi må vurdere situasjonen dag for dag. Dersom streiken vert langvarig, så må vi nok tenkje på om vi skal stengje skulen. Førebels ser vi føre oss at morgondagen og onsdag skal gå, men når vi kjem lenger ut i veka og streiken ser ut til å halde fram, så må vi ta ei vurdering då, seier Øren.

(Artikkelen held fram under bilete)

Grethe Øren

KAN STENGJE: Rektor ved Hafstad vidaregåande, Grethe Øren vil vurdere stenging av skulen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Passar fint med litt ekstra fri

Timeplanane til elevane er førebels full av hol.

– For meg passa det eigentleg heilt greitt at det blir litt ekstra fri, men det er litt dumt for oss elevane å få ein litt uorganisert start på skuleåret, seier Josef Benoni Ness Tveit.

Josef Benoni Ness Tveit

MED LÆRAR I HEIMEN: Josef Benoni Ness Tveit skal starte på media andre året.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han skal ta fatt på andre året på media. Ei linje som tidlegare låg på Mo og Jølster Vidaregåande ved avdelinga på Vassenden.

Sjølv kjem Josef frå ein heim der det bur ein lærar i huset. Han skjønar godt kvifor lærarane streikar.

– Eg har i alle fall sett at å vere på jobb så lenge for mamma kan vere litt for mykje. Ho treng å bruke tid heime òg på arbeid, seier han.

Likevel trur han ikkje streiken kan vare så lenge. Han siktar til at det er mange elvar som flyttar på hybel som er komen langvegs frå for å setje i gong med utdanninga si, så han håpar det kjem ei løysing snart.

– Men eg trur ikkje lærarane blir dei første som bøyer seg nei, seier han. No gler eleven seg til å starte på Hafstad der eit nytt miljø med fleire elevar ventar.

Lite lekser i starten

Rebekka Hovland og Jenny Marie Vallestad

LITE LEKSER: F.v. Rebekka Hugøy Hovland og Jenny Marie Vallestad.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Rebekka Hugøy Hovland og Jenny Marie Vallestad skal begynne på andre året for formgjeving. At skulestarten vert litt amputert i år gjer ingenting.

– Det blir vel ein litt annleis start på skuleåret enn vanleg, men det er ikkje så mykje lekse i byrjinga likevel, seier Vallestad.

– Eg trur lærarane vil ha den fritida slik at dei får meir overskot til oss elevane og enn å jobbe heile tida. Dei brukar jo ofte kveldane på å rette prøvane våre, seier Hugøy Hovland. Begge jentene støttar lærarane sine og streiken og trur den vil vere over i løpet av veka.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen