Hopp til innhold

Elevane slit på hybel

Elevar på vidaregåande skule slit med hybellivet. Barnevernet trur hyblar med tilsyn er løysinga.

Illustrasjonsfoto (Scanpix)
Foto: Scanpix / SCANPIX

Mange ungdommar i fylket må flytte heimanfrå for å ta vidaregåande utdanning. Nokre av desse taklar ikkje hybellivet, og fell utanfor. Difor tek barnevernstenestene i Vik og Sogndal til orde for hyblar med tilsyn, men verken heimkommune, vertskommune eller fylkeskommune vil ta initiativ.

Større risiko for å droppe ut

Barnevernleiar Clara Øberg i Sogndal kommune har sett at fleire slit når dei kjem for å bu på hybel.

- Ein del ungdommar har problem med å setje grenser sjølv. Ofte vert hybelen ein opphaldsstad for mange. Etterkvart ynskjer dei kanskje ikkje det lenger, men då har det liksom berre vorte slik, seier Øberg.

I ei stortingsmelding frå Kunnskapsdepartementet frå i fjor kom det fram at det er 50 prosent større risiko for at elevar som bur vekke sluttar i vidaregåande opplæring, samanlikna med dei som bur heime. Kva som er årsaka er usikkert, men i stortingsmeldinga blir det trekt fram at bortebuarar manglar eit støtteapparat, og får større problem med å organisere kvardag og skule.

- Samfunnsproblem

- Det er jo ungdom som droppar ut. Dei er for unge til å få jobb, dermed vert mange gåande heime. Det er jo faktisk eit samfunnsproblem, seier barnevernleiar Ingebjørg Kongslien i Vik.

Ho trur ungdommane ville ha stor nytte av hyblar med tilsyn, og Øberg stemmer i:

- Det hadde vore mykje lettare for ungdommane dersom dei budde på bemanna hyblar. Då kunne ein hjelpt dei som har problem på førehand, eller dei ein er redd for at dei kan få det.

Arbeiderpartiet også uroa

Det er fleire enn barnevernet som er uroa over situasjonen. På årsmøtet tidlegare i mars vedtok Sogn og Fjordane Arbeidarparti at partiet skal jobbe for eit tilbod om hyblar med tilsyn. Det same vedtaket vart òg gjort på årsmøtet i 2007. Leiar Aud Kari Steinsland er likevel usikker på kva Arbeidarpartiet vil gjere.

- Akkurat kva vi skal gjere konkret veit eg ikkje. Vi har ikkje tatt dette opp i styret etter årsmøtet.

- Kva har vorte gjort sidan årsmøtet i fjor?

- Det vart ikkje gjort så mykje, det må eg ærleg vedgå, seier Steinsland.

Ingen tek ansvar

Det er også delte meiningar om kven som skal ta på seg ansvaret for ei slik sak. Sjølv om dei ser behovet i Vik, meiner dei det er kommunar med vidaregåande opplæring som må ta initiativ til noko slikt. Kongslien meiner også at Fylkeskommunen bør ta ansvar:

- Dei har jo sentralisert skulen mykje.

Ho får ballen raskt tilbake.

- Fylkeskommunen har ikkje ansvar for å skaffe ungdommen hybel med tilsyn, men det kunne jo kanskje vere mogleg å samarbeide om å få dette til. Men i utgangspunktet er det altså heimkommunen og vertskommunen som har ansvaret, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i opplæringsavdelinga.

Regjeringa må gi pengar

Clara Øberg i Sogndal seier dei gjerne skulle ha jobba for å gi hybelbuarane tilsyn. Men ho sender problemet til topps.

- Vi skulle gjerne ha sett i gong eit slikt tilbod, men i dag fins det ikkje finansieringsordningar for bustadar tilpassa desse ungdommane. Det håpar eg vi kan få på plass under denne regjeringa.