Hopp til innhold

Elevane jobbar for mykje

I Førde jobbar elevar så mykje at det går ut over arbeidet med skulen.

 

Hafstad vidaregåande skule i Førde
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Leiinga ved Hafstad vidaregåande skule er bekymra over at elevane tenkjer meir på pengar enn utdanning.

Får konsekvensar

Rektor Grethe Øren trur elevane gløymer at det dei presterer no, får konsekvensar for seinare utdanningsmoglegheiter.

- Elevane lever nok litt i nuet, og tenkjer kanskje ikkje så mykje på framtida. Vi opplever vel at dei er slitne, og lærarane kjem med bekymringsmeldingar, seier ho.

- Må ha pengar

- Eg jobbar vel 4-5 dagar i veka. Eg må jo ha pengar, ein kjem ikkje langt ellers, seier ein av elevane ved Hafstad vidaregåande skule til NRK.

Rett før jul er det mange som jobbar. Fleire butikkar treng ekstrahjelp og då er ikkje elevane seine å be.

- Hadde eg ikkje jobba så mykje, så hadde nok karakterane vore betre, seier Ingvild Landøy.

Ho vedgår at ho enkelte gonger jobbar i staden for å lese til skuleprøver.