Hopp til innhold

Elevane får ny skule til 120 millionar kroner

Då er det både lest opp, vedteke og forankra i økonomiplanen. Ungdomane i Vågsøy får ny skule.

Nye Vågsøy Ungdomskule

NY SKULE: Med 18 mot ni røyster gjekk kommunestyret i Vågsøy inn for å byggje ny ungdomsskule på Gotteberg til 120 millionar kroner.

Foto: Illustrasjon / Skanska

– Det var veldig godt å få landa denne saka. Den har pågått lenge, det har vore mykje merksemd og det har vore ei krevjande sak. Men no er det vedteke. Vi skal byggje ny ungdomsskule, slår ein nøgd ordførar Kristin Maurstad (Ap) fast.

Stort fleirtal

Det er ei sak som har rusla og gått i lang tid som i dag fekk eit punktum. Med 18 mot ni røyster bestemte politikarane at den 50 år gamle ungdomsskulen på Gotteberg må vike veg for ein heilt ny ungdomsskule. Rehabiliteringsbehovet ved skulen er i dag skrikande. I haust gjekk 500 vågsøyværingar i fakkeltog for den nye skulen.

Bianca Hjelle var ein av initiativtakarane. I dag fekk ho fortløpande oppdatering frå arrangørgruppa som var i kommunestyresalen. Til slutt kunne ho juble – igjen.

Bianca Hjelle

FAKKELTOG: Bianca Hjelle er ikkje overraska, men likevel svært nøgd med vedtaket i dag. – Det kan hende eg må sprette champagnen. Vinn Norge handballkampen i kveld, så ryk den nok med, seier ho.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det hadde vore katastrofe om dei no har brukt så lang tid på saka, og så snudd på nytt att i dag. Det viser nok at dei folkevalde ikkje er så dumme som det blir sagt, seier ho.

Ikkje overraska

Vedtaket var ikkje overraskande, då formannskapet velsigna planane i slutten av november. Hjelle frykta både utsetting og søksmål frå tilbydarar mot kommunen om saka hadde rulla vidare. Ho er glad for at politikarane lytta på dei 27 konsulentane som har vore inne – og som seier det same.

– Dette er ikkje berre eit viktig vedtak for meg som skal sende born opp der, men også for foreldre og elevar som er der no og veit kva som skjer vidare, seier ho og legg til.

– I dag er skulekjøkkenet ofte stengt, toalett fungerer ikkje og inneklimaet er elendig.

– Så det går greitt å nytte ein modulskule medan ein ventar på den nye?

– Den er nok i betre stand enn den vi har i dag, så det trur eg ikkje er noko problem i det heile.

120 millionar

Ordførar Maurstad seier saka var ferdigdebattert allereie då økonomiplanen vart handsama på kveldens møte.

Kristin Maurstad og Hilmar Høl

LØFT: Ordførar Kristin Maurstad (t.v.) er nøgd med at politikarane endeleg har sett punktum i skulesaka i Vågsøy.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleirtalet har konkludert med at det vil bli like dyrt, om ikkje dyrare, å rehabilitere dagens skule.

– Vi hadde ein god og sakleg debatt. Enkelte meiner ein burde rehabilitert eksisterande ungdomsskule, seier ho.

Ramma på tiltaket er 160 millionar kroner. I dette ligg også den mellombelse skulen på Tennebø. Den nye skulen kjem på 120 millionar kroner.

– Det er eit stort løft og vil auke lånegjelda vår kraftig, men det ligg også inne i økonomiplanen så dette skal vi få til sjølv om det vil setje sitt preg på budsjettet, seier Maurstad.

– No blir kontrakten signert og i vinterferien flyttar elevane over på modulskulen ved sidan av Måløy vidaregåande skule på Tennebø. Så er planen at nytt bygg skal stå klart ved nytt år 2017/2018, held ho fram.