NRK Meny
Normal

Elevane blomstrar når dei lagar kunst

FØRDE (NRK): Sjetteklassingane på Førde barneskule målar kjente verk til ei utstilling. Sjølv skuleleie elevar blir rolege av måling ved staffelia.

– Eg er spent og litt nervøs for om det blir bra, seier Oskar Solheim

SPENT: – Eg er nervøs for om det blir bra, seier Oskar Solheim. Han er ein av sjetteklassingane som stiller ut bilete på Pikant i juni.

– Eg er spent og litt nervøs for om det blir bra, seier Oskar Solheim

Sjetteklassingen har ikkje måla sidan han gjekk i barnehagen, men synest det no er morosamt og spennande.

Saman med klassekameratane sine skal han vere med å lage kunstutstilling på restauranten Pikant i juni.

Eg meiner det er litt for mykje fokus på det teoretiske i skulen i dag. Alt skal målas.

Rune Fureli

Viktig med kreativt arbeid i skulen

Dei brukar måleteknikkane som impresjonistane brukte, med raske og tydelege penselstrøk. På den måten lærer dei om komposisjon og fargelære. Kunstnaren Rune Furelid er med som gjestelærar på prosjektet.

– Eg meiner det er litt for mykje fokus på det teoretiske i skulen i dag. Alt skal målas. Det som ikkje kan målast, som kreativt arbeid, blir skyvde til sidan. Når eg ser den meistringa elevane får når dei jobbar med dette, trur eg det vil gje ringverknadar til dei andre faga på skulen, seier han.

Blir konsentrerte

Elevane står konsentrerte over staffelia. Når det ringer ut til friminutt er det ingen som røyrer seg, lærarane må til slutt tvinge dei til å ta litt fri.

– Vi legg merke til at dei ungane som har problem med å konsentrere seg med skule, blomstrar når dei kjem hit. Den meistringskjensle dei får her er så viktig. Det trengst meir fokus på det kreative i skulen, meiner Furelid.

Når kunstprosjektet skal stillast ut, vil det vere med raud løpar og applaus.

– Dei får sluttført verka sine på ein ordentleg måte. Inspirerande og morosamt og sjå, legg han til.

Vegopning på Bergum i Førde kommune