Hopp til innhold

Elendige fylkesvegar

Fylkesvegane i Sogn og Fjordane er av dei verste i landet - spordjupna aukar risikoen for ulukker.

Arnfinn Båtevik

Arnfinn Båtevik lover no nytt asfaltfdekke på riksveg 610 mellom Osen bru og Sande.

Foto: Anna Gytri / NRK

Djupe spor i vegbana gjer mange av vegane i Sogn og Fjordane blant dei farlegaste i landet.

Undersøkingar syner at djupe spor i vegbana aukar risikoen for ulukker, og det er eit akutt behov for pengar til å leggje ny asfalt.

Heilt elendig

Bussjåfør Kjartan Bekken i Firda Billag

Bussjåfør Kjartan Bekken håper på ny asfalt.

Foto: Anna Gytri / NRK

Bussjåfør Kjartan Bekken i Firda Billag køyrer fire gonger i veka tur retur mellom Dale og Førde. Ein del av denne strekninga, riksveg 610 mellom Osen Bru og Sande, er ifølgje Statens Vegvesen blant dei verste i høve til djupe spor.

Vegen skulle fått ny asfalt i fjor, men pengane strakk ikkje til. Asfalten vart lagt i 1995 og berre på det siste året har tilstanden på vegen forverra seg kraftig.

- Ja, det er heilt elendig, seier bussjåfør Kjartan Bekken.

Tal frå vegvesenet syner at djupe spor på fylkesvegane i Sogn og Fjordane, gjer dei blant dei verste i landet. Gjennomsnittdjupna i spora var i fjor kome opp i nærare 3 cm.

På riksveg 610 er standarden allereie verre enn på mange av fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Seksjonsleiar Arnfinn Båtevik i Statens vegvesen kan konstatere at spora har vorte over 3 cm djupe.


Spor fører til ulukker

Arild Ragnøy i Statens Vegvesen seier at det ikkje er tvil om at djupe spor aukar riskioen for ulukker.

Ragnøy var i 2006 med på å utarbeide ein rapport som skulle sjå på moglege samanhengar mellom djupna på spor i vegane og risikoen for ulukker. Samanhengen var klar, og ifølgje Ragnøy er det store farer knytt til sporete vegar.

- Spora fører til dårleg friksjon mellom dekk og asfalt. Dette gjer det vanskeleg å svinge og bremse, seier Ragnøy.

Litt betre på riksvegane

Riksveg 610 i Sogn og Fjordane

Djupe spor på riksveg 610.

Foto: Anna Gytri / NRK

Førebels er stoda på riksvegane litt betre, men også her går pila feil veg. Gjennomsnittsdjupna på dei mest trafikkerte riksvegane vart i fjor målt til omlag 2 cm.

Rundt 70 millionar kroner skal i år gje omlag 150 km med ny asfalt på riksvegane i Sogn og Fjordane. Totalt er det nærare 2000 km riksveg. Det betyr at mange strekningar framleis vil slite med djupe spor i vegbana.


Neste år skal fylkeskommunen som i dag har ansvar for fylkesvegane, også ta over ansvaret for riksvegane. Fleire har uttrykt uro for om staten vil løyve pengar til å utbetre riksvegane, før fylkeskommunen tek over ansvaret.

Lover asfalt til rv. 610

Sporete vegar er berre ein av konsekvensane som følgjer av forfallet på vegane. For å nå opphavleg standard på riks- og fylkesvegane i Sogn og Fjordane treng ein nærare to milliardar kroner.

Arnfinn Båtevik i Statens vegvesen lover no at strekninga skal få asfalt i år. Strekninga ligg inne i dekkeplanen til Statens vegvesen, og det er sett av pengar.

Nasjonal transportplan vert lagt fram i dag. Men kor mykje pengar Sogn og Fjordane får til riksvegane blir først klart når regjeringa kjem med pengane til kommunane seinare i vår.