NRK Meny
Normal

Altfor mange kanselleringar i vinter

Det siste halvåret har vore eit vanskeleg år for flypassasjerane i Sogn og Fjordane - regulariteten på flyplassane har vore elendig.

Widerøe-fly 35 passaskerer evakuert

KJEM SEG IKKJE PÅ VENGENE: Altfor mange avgangar blir kansellerte fordi mannskap og fly ikkje er på same stad til rett tid.

Foto: Frank Nygård / NRK

Så mykje som 273 avgangar har blitt kansellerte dei siste seks månadene, og januar og februar har vore ekstra ille. No krev politikarane at Widerøe skjerpar seg.

Informasjonssjef Silje Brandvoll i Widerøe legg seg flat og beklagar.

Silje Brandvoll

– FOR DÅRLEG: Informasjonssjef Silje Brandvoll i Widerøe.

Foto: Øystein Nygård / NRK

– Vi er ikkje nøgde, dei siste månadene har vi hatt for dårleg regularitet. Vi må forbetre oss.

Å reise med fly frå Sogn og Fjordane med tanke på å kome fram i tide har nærmast vore ein sjanseseglas i vinter.

Verst i Sogndal og på Sandane

Verst er det i Sogndal med 113 kanselleringar. Det betyr ein regularitet på 91,5 prosent. Det same har Sandane, medan Førde og Florø har kring 96 prosent regularitet.

Mykje skuldast dårleg vêr, men 121 av kanselleringane skuldast rett og slett at Widerøe ikkje har fått fly og mannskap på plass til rett tid.

– Vi har spesielle utfordringar når det er vinter, for då blir flya utsette for ekstreme påverknader. Ofte må vi kansellere fordi mannskapet sit vêrfaste på ein annan flyplass.

Anders Ryssdal

–IRRITERANDE: Ordførar Anders Ryssdal (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Krev ekstra fly no

Brandvoll seier ei løysing kan vere å setje inn eit større fly av type Dash 300 på Florø, og dermed frigjere eit mindre Dash 100 som kan sikre rutene til dei andre flyplassane i fylket. Men selskapet har ikkje bestemt seg enno.

Anders Ryssdal (Sp), som er medlem i Samferdsleutvalet i fylket og ordførar i Gloppen, meiner det ikkje er noko å stusse på.

– Dei bør styrke kapasiteten. Det er forferdeleg irriterande når ein skal ut å reise, og flya ikkje går.

Olin Johanne Henden

–EKSTRA FLY NO! Olin Johanne Henden (H).

Foto: NRK

Denne veka la Høgre fram eit framlegg som vart vedteke i Samferdsleutvalet . Der ber politikarane om at Staten set strengare krav til flyselskapa, og at Widerøe informerer betre. Olin Johanne Henden (H) meiner kravet er heilt på sin plass.

– På vegner av innbyggjarane i Sogn og Fjordane som kjenner dette på kroppen så er det viktig å seie frå at dette kan ikkje halde fram. Vi forventar at Widerøe gjer noko med det. Set inn eit ekstra fly i morgon!

Widerøe har eit mål og krav om 98,5 prosent regularitet samla gjennom året på sine ruter. Når ein tek vekk kanselleringar grunna vêrtilhøve er selskapet dei siste seks månadane no nede på 97,4 i Sogn og Fjordane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast