Hopp til innhold

Snart kan det bli slutt på bjølleklangen

Elektroniske sauebjøller vil gjere det lettare å finne husdyr på utmarksbeite. Mange bønder i fylket har allereie skaffa seg elektroniske bjøller.

sauer på beite

Elektroniske bjøller vil gjere det lettare å finne sauer på beite.

Foto: NRK

Fylkesmannen oppmodar i eit skriv bøndene til å søkje om økonomisk støtte til kjøp av elektroniske bjøller.

Bjøllene sender signal tilbake til bonden slik at han veit nøyaktig kvar dyra er.

Dette lettar tilsynet, gjev informasjon om vandremønster og sender melding om dyra vert liggande i ro over tid.

Erstattar ikkje tilsyn

Sjølv om elektroniske bjøller er effektive, minner fylkesmannen om at dei aldri kan erstatte tilsyn av husdyra.

– Beitedyr på utmarksbeite skal ha tilsyn minst ein gong i veka. Sporingsbjøllene kjem i tillegg til det ordinære tilsynet, men bjøllene kan effektivisera tilsynet og gjera tilsynsturen meir målretta.

Vellukka utprøving

Sogn og Fjordane var eitt av fleire fylke som deltok i eit nasjonalt beiteprosjekt i tida 2010–2013.

Ei av satsingane i prosjektet var utprøving av radiobjøller for å få erfaring med bruk av elektronisk overvakingsutstyr i vestlandsterreng med ulik topografi og mobildekning.

Utprøvinga av radiobjøllene syntest vellukka, skriv fylkesmannen i pressemelding.

Blir nytta av 10 beitelag

Fylkesmannen slår fast at vidare utprøving av sporingsbjøllene har høg prioritet, og at tilskot til slike bjøller vil bli gjeve. I 2013 var det 10 beitelag i fylket som fekk tilskot til slike sporingsbjøller, og Fylkesmannen forventar at omfanget vert ein god del større i år.

Fylkesmannen viser til at sporingsbjøllene gjerne er mest aktuelle i sauehaldet, men at dei også kan brukast av storfe og hest.