NRK Meny
Normal

Elektrobedrift i Eid går så det grin

NORDFJORDEID (NRK): Suksessbedrifta Eid Elektro har dobla både omsetnad og tal tilsette på få år.

Eid elektro i medvind

DUO I MEDVIND: Teknisk leiar Tore Hjelle og dagleg leiar Ove Kjøllesdal står framfor inngangen til det nye tilbygget, som i helga blir opna av næringsminister Monica Mæland.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dagleg leiar Ove Kjøllesdal står framfor inngangen til det nye tilbygget og er stolt over det dei har greidd å få til. Berre dei siste 5 åra har selskapet dobla seg. I år vil omsetninga vere på over 90 millionar kroner og dei har 66 personar på lønslista.

– At vi skulle greie å skape ei så stor bedrift på Nordfjordeid, hadde eg aldri trudd, seier han.

Han og teknisk leiar Tore Hjelle eig 40 prosent kvar i verksemda.

Veks på vegsatsing

Ei viktig årsak til veksten er tunge statlege investeringar i veg. Eid elektro leverer el-tavler og styringssystem til vegtunnelar. På det feltet har dei blitt størst i Norge. Dei neste åra skal staten bruke milliardar på tunneltryggleik. Tore Hjelle trur difor på endå meir vekst.

Eid elektro

NYE LOKALE: Eid elektro har no fått nye og flotte lokale i tilbygget.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi ser at det blir veldig spanande tider framover. Vi har full ordrebok og det er fullt køyr, seier han.

Eid elektro hadde i fjor eit overskot på seks millionar kroner. Eit anna viktig område er sørvis av mjølkerobotar på gardar over heile fylket og Møre og Romsdal. Dagleg leiar Ove Kjøllesdal seier det har lønt seg å satse etter politiske trendar.

– Når vi ser at det skjer noko sentralt, så veit vi at det skjer noko ute i distrikta òg, seier han.

Millionsatsing gir ringverknader

Denne veka vart det klart at datasenteret i Lefdal gruve no er under bygging. 250 millionar kroner skal i fyrste omgang investerast i det som blir sagt å ha potensial til å bli ein av verdas største lagringsplassar for data.

Det kan bli nok å gjere for elektrobransjen i Nordfjord i åra som kjem.

– Eg trur dette kjem til å drype på mykje av næringslivet rundt om kring. Vi har diskusjonar og håpar at vi skal få vere med på denne store satsinga på Lefdal gruve, seier han, seier Tore Hjelle

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.