NRK Meny
Normal

Eldre uroa for sjølvmeldinga

Kundeservicesenteret Norge.no blir nedringt av uroa eldre, som ikkje forstår korleis dei skal levere sjølvmeldinga i år.

eldre i arbeid

Mange eldre er uroa over at dei ikkje skal klare å leve sjølvmeldinga i år pågrunn av PIN-kodane dei har fått i posten.

Foto: Colourbox

Årsaka er at dei trur dei er heilt avhengige av PIN-kodane dei har fått i posten for å få levert sjølvmeldinga.

Selvangivelse

Sjølvmeldinga skal snart inn

Foto: Helena Rønning / NRK

Eldre slit

- Det er så mykje sånn dikkedarier med alt med dette som skal inn, seier Gerhard Ingolf Kvammen.

I år har alle over 15 år fått pinkodar i posten, som dei må bruke viss dei skal forandre på sjølvmeldinga si på internett. Og det er dette som fører til forvirringa hjå mange eldre.

Kvammen har diskutert problemet med kompisane sine i den daglege skravletimen på ein benk utanfor Sogningen Storsenter. Og han har funne ei løysing på problemet med sjølvmeldinga.

- Vi får prøve å få tak i ein som har greie på dette, ja, seier han.

Veit om problemet

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Vi veit at eldre slit med å forstå dette med internett og sjølvmeldinga, stadfestar øverste sjef for ordninga, fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Telefonen har kimt seg varm på kundeservicesenteret Norge.no den seinare tida.

Hos dei kan folk blant anna endre navn og adresse i folkeregisteret, sende søknad om skattekort, melde flytting, bytte fastlege, bestille helsetrygdkort, få oversikt over samlet gjeld, siste innbetaling, neste terminbeløp samt status for søknad om stipend og lån i Lånekassen, sjå status som arbeidssøkar hos NAV.

Men det dei fleste er opptekne av no er sjølvmeldinga.

Telefonen kimer i eitt

Marianne Strypet har hendene fulle med å svare på telefonar frå uroa folk som ikkje skjønar korleis dei skal klare å levere.

Ho og kollegaene har svart mellom 1400 og 1700 personar dagleg den seinare tida, og det er særleg eldre folk som treng rettleiing.

- Det er mange som trur dei må levere sjølvmeldinga på nettet, seier Strypet.

Faren over

Eldre kvinne med datamaskin

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys seier mange hundre tusen eldre ikkje kan bruke internett i Norge.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Men Grande Røys forsikrar at ein ikkje treng å lever sjølvmeldinga på internett.

- Det er framleis mogleg å levere på den gode, gamle måten. Ein må altså ikkje gjere det på nettet. Det er viktig å få fram.

Men fornyingsministeren påpeiker at det vert arbeidd med fleire måtar å lære eldre internett på.

- Vi veit at det er fleire hundre tusen nordmenn som ikkje brukar internett eller som ikkje har digital kompetanse. Det er ei utordring, men no jobbar vi med seniornett som lagar datakurs for eldre, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.