Hopp til innhold

- Vi endar opp med å forgifte våre eldre med medikament

Bruk av medisinar har i mange tilfelle gjort meir skade enn gagn for eldre menneske. No blir søkjelyset sett på denne miksen av pillar som mange får i seg på sjukeheimane.

Eldre tar medisiner som kan være farlige

FARLEG MIKS? Ein del eldre får opp mot ti ulike medikament dagleg. Kombinasjonen kan gje uheldige og farlege biverknader.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

NRK fortalde tidlegare i dag at mange eldre i Oslo har fått eit betre liv etter at bruken av medikament er redusert. For mange av dei fekk rett og slett alt for mange ulike pillar.

Også her i Sogn og Fjordane har det vore eit liknande prosjekt. Høgskulelærar Anne-Margrethe Hjertenes er leiar for prosjektet. Ho seier at medisinering av eldre er noko dei har fokusert på.

Anne-Margrethe Hjertenes

- MEIR MEDVITEN: Prosjektleiar Anne-Margrethe Hjertenes.

Foto: privat

– Vi ser at sjukeheimane har hatt ei markant betring når det gjeld legemiddelgjennomgang. Vanlegvis er det pålagt å ha slik gjennomgang ein gong i året, i prosjektet har det vore to gonger i året.

11 sjukeheimar har vore med

Prosjektet er kalla Samhandling for betre pasienttryggleik. Det har pågått i ni månader, og 11 sjukeheimar i sju kommunar i fylket er med. Anne-Margrethe Hjertenes fortel at det har vore ein liten nedgang i medisinbruken, men det viktigaste er meir medviten bruk av medikamenta.

– Vi har flytta ein del legemiddel til andre tider på døgnet fordi vi ser at dei interagerer saman med andre legemiddel. Dei påverkar kvarandre. Ein del legemiddel er fjerna.

I tillegg er det valt andre verkemiddel enn medikament for å roe ned pasientar med demens.

– Det som er litt av problemet med å gje beroligande medikament til urolege demente er at dei kan falle, dei søv meir og gjerne på feil tid av døgnet. Difor brukar vi meir miljøterapi, aktivitetar gir betre effekt på pasientane.

– Kan føre til alvorleg skade

Helsedirektoratet har tal som viser at feilmedisinering av eldre er utbreidd i heile landet. Det seier Anne-Grete Skjellanger, som er leiar i pasienttryggleiksprogrammet til direktoratet.

– I mange tilfelle ser vi at ni av ti medisinlister ikkje er rette. Vi ser at når vi går inn og gjer endringar i legemiddellista så endar tre av fire pasientar opp med å få endringar i sine medisinar. I einskilde tilfelle ser vi at medisinane pasienten får ikkje passar saman, og det kan føre til alvorleg skade.

– Forgiftar med medisin

Fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde har lenge vore oppteken av den omfattande medisineringa mange eldre er utsette for. Han er glad for at det no blir teke tak i problemet.

Hans-Johan Breidablik

- MEIR SKADE ENN GAGN: Fagdirektør Hans Johan Breidablik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eldre folk er ofte meir sårbare for biverknader av medikament, og viss dei får veldig mange medikament i kombinasjonar, så kan sjølve kombinasjonen vere ein risiko. Med dei beste intensjonar gir vi ein dei eldre så mange medisinar at dei får meir skade enn gagn av det.

– Er det grunnlag for å seie at vi forgiftar dei eldre med medisinar?

– Eg har lese engelskspråklege artiklar med slike overskrifter som seier at det vi endar opp med er å forgifte våre eldre med medikament. I ein del samanhengar er det ikkje så langt frå sanninga, er eg redd for.

– Svimmel og ustø

Breidablik seier at det er ein mekanisme som gjer at ein er redd for å ta vekk medisinar. I staden legg ein kanskje til ein ny, slik at det i mange tilfelle kan vere opp mot ti medikament pasientane skal ha i seg dagleg, ofte i uheldige og i einskilde tilfelle farlege kombinasjonar.

– Det er ein del medikament som gir slike farlege kombinasjonar, der effekten blir endra, den kan bli både sterkare og svakare ved at ein tek andre medikament samstundes.

– Så er det biverknader som at ein blir svimmel og ustø. Dei fleste vil skjøne at det å bli svimmel og ustø er farleg for gamle på sjukeheimar.

Prosjektleiar Anne-Margrethe Hjertenes stadfestar at medikament kan føre til brotskader.

– Når ein får eit legemiddel som har biverknader som større fallfare, og pasienten er gamal og skrøpeleg er det veldig ofte at det endar med hofteleddsbrot. Då vil ein i tillegg få andre problem med opptrening etterpå. Pasienten vil vere uklar og vanskeleg å trene opp.

Håpar å få med alle kommunane

Det er no planar om eit nytt prosjekt til neste år, og håpet er at røynslene med pasienttryggleik blir spreidde til dei 19 andre kommunane i Sogn og Fjordane.

Anne Margrethe Hjertenes skal no skrive ei masteroppgåve om prosjektet.

– Og så har vi eit ynskje om å vidareføre prosjektet neste år. Då vil vi gjerne invitere alle kommunane i Sogn og Fjordane til å vere med i dette viktige arbeidet.

– Kan vi slå fast at dette vil gje mange eldre ein betre og tryggare kvardag?

– Ja, absolutt! Legemiddel er berre ein del av pasienttryggleikskampanjen. Vi ser og på fall, urinvegsinfeksjonar og andre område der det er fare for helsa til pasientane.

Les meir om tryggleiken for eldre på pasientsikkerhetsprogrammet.no .