Hopp til innhold

Fleire eldre utsette for familievald - ofte vaksne born som står bak

Fleire eldre over 60 år tek kontakt med krisesenteret og melder om at dei er utsette for. Ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane opplever dei at det som oftast er vaksne born som utset foreldra for vald eller overgrep

Eldre på sykehjem

TORER IKKJE SEIE IFRÅ: Wenche Hovland ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane fryktar mørketala er store.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colorbox.no / Scanpix

Kartleggingar tyder på at mellom fire og seks prosent av eldre over 62 år er utsette for vald eller overgrep. Men hjelpeapparatet er ikkje alltid godt nok rusta til å yte hjelp.

– Vi har sett ein auke dei siste åra. Det har alltid vore einskilde eldre som har teke kontakt, men dei fleste er i aldersgruppa 30 til 50 år, seier Wenche Hovland ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Eldre opp mot 80 år tek kontakt

Kor mange eldre over 62 år som blir slått, truga, pressa for pengar eller på anna måte misbrukt av born, partnar eller andre i familien, veit ein ikkje.

Men analysar peikar på at det kan vere mellom fire og seks prosent. Eldre opp mot 80 år har kontakta Krisesenteret, og i dei fleste tilfella er det vaksne born som står bak valden eller overgrepa.

– I dei tilfella som vi har registrert i Sogn og Fjordane, så syner det seg at over halvparten av dei eldre som har teke kontakt med oss, så er det vaksne barn som bur heime framleis, som utset dei for vald. Det har i mindre grad vore snakk om ektefelle, seier Hovland.

Ho trur også at mørketala er store.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

OFTE BORN: Wenche Hovland ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, fortel at mange av dei eldre som melder frå om vald, har opplevde det frå vaksne barn som bur heime framleis.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sit i eit kjempedilemma

Det støttar Inge Norhaug ved ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging ho i. Han trur mange kvir seg for å fortelje om overgrepa.

– Problemet for dei eldre, er at dei sit i kjempedilemma. Det er ofte deira eigen familie det er snakk om, det er vanskeleg å seie ifrå, og å politimelde saka er ganske umogleg for dei. Mange som jobbar med eldre, ser ikkje denne problematikken, seier Nordhaug.

At emnet er tabu for mange gjer også at det manglar gode hjelpetiltak. Det seier ei av dei få som forskar på emnet, Astrid Sandmoe, ved Høgskulen i Telemark.

– Det er veldig få prioriterte tiltak i forhold til den eldre gruppa av befolkninga. Norge har eit stort fokus og har gjort eit enormt viktig og bra arbeid i høve dei yngre, men det er ei neglisjering av dei behova som eldre har til eit tilrettelagt tenestetilbod, seier Sandmoe.

Har tilbod, men ingen har teke kontakt

Men i Stryn har kommunen teke problemet på alvor. Dei har oppretta eigen kontaktperson for eldrevald, fortel Lars Rå, psykisk helsearbeidar i kommunen.

– Vi veit at vald ikkje har noko aldersgrense. Det er eldre som vert utsette for vald i heimen, eller der dei er. Det er svært viktig å sjå også dei teikna, slik at vi kan setje inn hjelp, seier Rå.

Men så langt har få tatt kontakt.

– Vi har ikkje klart å spreie den bodskapen endå. Men vi trur at så snart dette har vorte kjent utover på bygda, så vil det komme opp fleire saker også, seier Rå.

Og merksemd trengst for at fleire skal ta kontakt, trur Nordhaug.

– Det er ei aukande merksemd, og det gjer at det som før høyrde privatlivet til, no er vorte eit forhold som ein kan gripe inn i. Fleire slike saker kjem til overflata når ein får meir informasjon om det, seier Nordhaug.

Må tenkje annleis når ein skal hjelpe

Men offer for eldrevald treng anna oppfølging enn andre som er utsett for familievald. For ei kvinne i 70-åra er det ikkje så enkelt å starte livet på nytt. Vi i hjelpeapparatet må tenkje annleis, seier Hovland ved krisesenteret.

Men ho er også tydeleg på at hjelpeapparatet må tenke annleis om korleis dei skal hjelpe offer for eldrevald.

– Vi har erfaring med at det kan vere nyttig å styrkje det eksisterande hjelpetilbodet, opprette nye tilbod som heimehjelp eller heimesjukepleie og liknande, seier Hovland.

Både Nordhaug og Hovland meiner større merksemd om saka vil få fleire til å melde frå om overgrepa. Og hjelpeapparatet må tenke annleis om korleis dei skal hjelpe offer for eldrevald, seier Hovland.

I mars kom ei stortingsmelding om vald i nære relasjonar, men i den oppfølgjande handlingsplanen står det lite konkret om vald mot eldre.