Hopp til innhold

Sakna mann funnen i god behald

Laurdag kveld sette politiet i Førde gang ein større leiteaksjon etter ein eldre mann i Førde.

Sakna mann i Førde

LEITAKSJON: Politiet leitar laurdag kveld etter ein mann som er sakna frå Helsetunet i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Mannen er i 90-åra og bur på Helsetunet i Førde og vart sist sett klokka 14.30, sa Marianne Føleide som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø, då dei gjekk ut med etterlysning av mannen ved 20.30-tida..

Laster Twitter-innhold

Mannen hadde på seg ei mørk skinnjakke og sandalar då han forsvann. Han brukar også rullator når han går. Politiet har ikkje informasjon om kva mannen kan ha tatt vegen og er intressert i tips frå publikum. I første omgang vert leitinga konsentrert om nærområdet ved Helsetunet.

– No er det mørkt ute og det er kaldt og difor ynskjer vi hjelp frå publikum, seier Føleide.

Klokka 21:10 melder politiet at mannen er funnen etter tips frå publikum.

– Mannen er funnen i god behald. Han trong ikkje legetilsyn og er attende på institusjonen der han bur. Vi ynskjer å rette ein stor takk til publikum for hjelpa som førte til at han vart funnen, seier Føleide.