Hopp til innhold

Eldre mann funnen medvitslaus i vegkanten

Ein eldre mannleg syklist vart funnen av forbipasserande i vegkanten i Selje sentrum.

selje 3

– Vi har fått melding via AMK om at det var funnen ein eldre mannleg syklist i Selje sentrum. han vart funnen medvitslaus i vegkanten. Luftambulanse er på staden, og politiet er på veg, seier Inge Værøy ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt i Florø.

Syklisten er frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, melder politiet like over klokka 9. Skadeomfanget er uvisst, og det er ikkje noko som tyder på at andre har vore involvert i ulukka.

Meldinga kom like over klokka 8, og politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd.

– Vi har ikkje opplysningar om det, seier Værøy.