Ei tredokke med ei heilt spesiell forhistorie har i sommar funne vegen frå magasinet på Bergen museum til Sunnfjord museum.
– Han er om lag 20 centimeter høg, han er fint modellert. Han er utskoren i tre i kroppen. Han har påsydde klede som har ein veldig rett fasong i høve dåtidas klesdrakter. Han er datert tilbake til 1760, og på sokkelen står det at han er frå Jølster, fortel formidlingsleiar Oddbjørg Hjelmeland.
Laga figurar av folk han trefte
Den vesle trestatuen er nemleg ein av mange slike figurar som hallingen Jørgen Garnås laga i åra frå 1750 og framover. Den nevenyttige mannen jobba som postmann i Bergen og frakta post over heile Sør-Norge. Undervegs noterte han seg korleis folk såg ut, og korleis dei gjekk kledd. Så laga han både figurane, kleda og håret. Så nøyaktig at sjølv forskarane i dag er overraska.
– Han trefte tidsanda. Dette var jo i opplysningstida, og ute i Europa var dei byrja å interessere seg for psykologi, menneske og natur. Den danske kongen blei meir og meir klar over at desse underlege figurane som budde i Norge var ikkje berre noko inkjevetta. Dei hadde ein styrke, og var veldig stolt over dei. Jørgen Garnås var nok på sitt vis ein del av dette, fortel Oddbjørg Hjelmeland.
(Artikkelen held fram under biletet)
Henta inn av kongen
Etter kvart vart kongen i København klar over Garnås sine unike kunnskapar og eigenskapar, og han vart henta til hoffet for å skjere ut figurar i finare materiale som elfenbein. I dag kan ein sjå statuer basert på desse figurane i den såkalla Nordmandsdalen ved Fredensborg slott i Danmark. To av desse figurane var jølstringar.
– Kva var det som prega folk i Sogn og Fjordane og Jølster på denne tida?
– Dei var dyktige i handverk, dei var stolte over den kunnskapen dei sat med. Dei hadde evna til å skape vakre ting og reiskapar. Det var den viktigaste kapitalen dei hadde, seier Hjelmeland.
Heng fram til oktober
Frå no i juni og fram til oktober er Garnås sin vesle jølstring ein del av utstillinga «Kle skapar folk» på Sunnfjord museum. Der har museet samla folkedrakter frå 1800-talet og framover til i dag. Kvar og ei med si heilt spesielle soge.
Komande sundag markerer museet også jonsok, der ei heilt spesiell og nylaga folkedrakt skal i bruk.