NRK Meny
Normal

Eldbjørg pustar letta ut etter at 438 utøvarar har reist heim

– Det har gått fint. Vi har hatt fine forhold, konkluderer leiaren i Markane IL etter at noregscup-sirkuset i helga var innom Stryn.

Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL.

ERFARING: Etter 11 år som leiar i Markane Il kan Eldbjørg Hatledal konstatere at klubben har lagt bak seg nok eit stor skiarrangement på Ullsheim.

Foto: Stig Høynes

– I det heile tatt har det gått svært bra. I går hadde vi ein kabel som streika og førte til tull med skyteresultata, men søndag fungerte alt. Vi hadde 438 utøvarar til start på sprinten, fortel styreleiar Eldbjørg Hatledal i Markane IL.

150 på dugnad

I fleire veker har eit stort dugnadsapparat vore i sving for å få avvikla tre dagar med noregscup i skiskyting for juniorar på Ullsheim. Lenge såg det ut til at natursnøen skulle glimre med sitt fråvære, og ein fekk henta over snøkanon frå Oslo for å lage kunstsnø. Ei knapp veke før dei nær 450 deltakarane kom til Stryn, kom også snøen frå oven.

– Vi har hatt mellom 150 og 170 frivillige i arbeid. Det krevst eit stort funksjonærapparat til å arrangere skiskyting. Men folk stiller opp, seier Hatledal søndag kveld.

Ho trekkjer ikkje minst fram renngeneral Monica Halsteinslid som ei viktig eldsjel som har samla alle lause trådar.

Norgescup skiskyting i Stryn

STORT ARRANGEMENT: Ein omfattande logistikk, og mykje folk både i og utanfor løypene prega Norgescuprenna i Stryn i helga.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi hadde perfekte forhold

At snø vart til regn i store deler av Sogn og Fjordane, skapte ikkje problem i høgda på Ullsheim. Då OL-elden til vinterens ungdoms-OL på Lillehammer fredag kveld også kom innom Stryn, var det også duka for folkefest i Nordfjord.

– Vêromslaget gjekk bra. Det har ikkje vore så gale, og vi hadde godt preparerte løyper. Løypeforholda har vore perfekte både for ski og skyting, meiner idrettslagsleiaren som reknar med at norgescupen samla sett har ført med seg mellom 700 og 800 tilreisande i helga.

Aksel Meland

PÅ PALLEN: Aksel Meland går til dagleg på idrettslinja for skiskyting på Stryn vgs. Søndag tok han andreplassen på under noregscupsprinten klasse M17.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg vil tru det har merkast i området at det har vore så mykje folk på besøk. No skal det bli godt å slappe av, erkjenner Hatledal som alt måndag morgon stiller på jobb ved PPT-kontoret i Stryn.

Sjølv om ho under helgas norgecup bar tittelen som premieansvarleg, har ho knapt hatt tid til å få med seg dei sportslege resultata. Resultat som også vart prega av lokale krefter.

– Hehe, nei, det har vore så mykje, ler Markane-leiaren som heller ikkje har hatt tid til å få med seg at idrettslaget sin eigen Johannes Thingnes Bø var sterkt delaktig i Norge sin stafett-tredjeplass i verdscuprennet i Anterselva søndag. Eit renn bror Tarjei måtte melde fråfall frå grunna sjukdom.

Camping Stryn Norgescup

SKI-CAMPING: Mange av utøvarane og støtteapparata nytta bubil som overnattingsstad.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Aksel og Sigrid har ei stor framtid

Heime i Stryn, derimot, kunne Aksel Matias Meland frå Markane IL juble over sølv på søndagens skiskyttarsprint. Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL tok bronse i si klasse.

Sigrid Flo Bødal

BRONSEVINNAR: Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL gjorde det best av dei kvinnelege lokale utøvarane søndag, med tredjeplass i klasse K17.

Foto: Team Nordfjord

– Dei har ei stor framtid føre seg. Begge skyt godt og går veldig godt på ski. Dei kjem til å hevde seg i åra som kjem. Dessverre var det litt tynnare med dei lokale resultata i dei eldre klassane, seier pressekontakt Rune Tryggestad i Team Nordfjord.

Han trur det har mykje å seie for interessa for sporten at norgescupen kjem innom regionen, og at lokale også hevdar seg blant dei beste talenta i landet.

– Det har mykje å bety å vise at det går an. At alle kan bli like gode. Men det krevst trening. Det kjem ikkje av seg sjølv.

Tryggestad rosar arrangøren på Ullsheim.

– Markane IL har gjort ein god jobb. Dei har hatt full kontroll på arrangementet. Dei sleit litt med tidtakaranlegget laurdag, men slikt kan ein ikkje gardere seg mot. Løypene var gode, speakertenesta var god, og vi har hatt stabilt vêr både laurdag og søndag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.