NRK Meny
Normal

El-ferja ligg framleis vêrfast

Bølgjene er for høge på Biscayabukta for nykjøpet til Fjord1, MF «Eidsfjord». Den skulle forlengst ha vore i trafikk på Nordfjorden. No ligg den vêrfast i Spania, der mannskapet brukar tida på å kikke på vêrmeldingane.

MF Eidsfjord

KJEM SNART: MF «Eidsfjord» har ei lang reise frå Tyrkia til Norge. Ho er enno ikkje fram på grunn av dårlege ver.

Foto: Fjord1

– Ferja har lege der sidan jul. Vi kikkar på vêrmeldingane kvar dag og håper det skal bli ei opning, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

Håper er at vêret skal bli så bra at ferda mot Norge kan starte i helga. Då vil det ta ei lita veke før MF «Eidsfjord» er på plass i Nordfjord, på sambandet mellom Anda og Lote.

Gloppefjord straks på plass

Mange har store forventningar til dei to batteridrivne ferjene som skulle setjast inn på E39-sambandet i Nordfjord frå nyttår av. Også den andre el-ferja, MF «Gloppefjord», var forseinka på turen frå verftet i Tyrkia.

Men i starten av januar var ho på plass. Går alt etter planen, blir den MF «Gloppefjord» sett inn i trafikk på E39-sambandet Anda-Lote i løpet av neste veke. Den siste veka har Fjord1 drive med teknisk testing og lært opp mannskapet i bruk av ferja.

Omfattande testing

Regionleiar Tor Kristoffersen seier dei forventar at ferja får jomfruturen på sambandet ganske snart.

– Vi håper ho er i drift i løpet av neste veke, seier han.

Etter omfattande testing av MF «Gloppefjord», trur Kristoffersen at testinga av MF «Eidsfjord» vil går raskare.

– Den testinga vi gjer på Gloppefjord, kan vi overføre til Eidsfjord. Difor vil den ikkje ta like lang tid.

– Meir opptekne av svelene enn ferjene

Førebels er det gamleferjene Årdal og Sognefjord som sikrar 20-minuttsavgangar på sambandet over Nordfjorden. Kristoffersen seier dei ikkje har fått reaksjonar på forseinkingane av el-ferjene.

– Eg trur folk er meir opptekne av sveler av ein eller annan merkeleg grunn. Det går jo to ferjer i sambandet i dag, så eg trur ikkje folk er så opptekne av dette. Dei forstår at det vil ta si tid, seier han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.