NRK Meny
Normal

Ekteparet som bygde båtar i 50 år

STÅRHEIM (NRK): Øien Båt på Stårhem blei livsverket til Klara og Leif Øien. Dei bygde plastbåtar i nesten 50 år, til begge var meir enn 80 år gamle.

Leif og Klara Øien

STARTA PLASTVERKSEMD: Leif og Klara Øien kan sjå tilbake på ei lang arbeidskarriere i sitt eige firma. Dei jobba i bedrifta til dei var i 80-åra.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Snart 90 år gamle Klara og Leif Øien frå Stårheim i Eid kan sjå tilbake på eit langt arbeidsliv innan plastindustrien.

– Eg likte plastarbeidet og plastlukta. Eg har alltid likt den lukta, ler Klara Øien.

Ekteparet la grunnlaget for ei suksessrik verksemd. Øien Båt har i dag 13 tilsette og byggjer over 500 mindre fritids- og arbeidsbåtar i året. Bedrifta blei starta opp i 1963. På den tida var det ikkje vanleg at kvinner var i arbeid.

– Nei, det var ikkje det. Eg tykte det var kjekt å vere med, sjølv om det blei lange dagar med ungar, husarbeid og matlaging i tillegg, fortel ho.

Leif og Klara Øien

SUKSESSBEDRIFT: Leif og Klara Øien gler seg over at båtprodusenten i dag går godt.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fekk sjå heile verda

Men før dei starta plastverksemda, var kvardagen ganske annleis. Leif var utdanna sjøkaptein og var sjømann frå slutten av krigen.

– Eg reiste ut som overstyrmann og var på sjøen i mange år. I 1954 kom eg om bord i ein ny tankbåt på 16.000 tonn. Den gjekk vi med over heile verda. Klara var også med på nokre av turane.

Som sjømann fekk Leif sett store delar av verda. Han var mellom anna mykje i Austen.

– Eg har vore stader som Persiabukta, Australia, Sumatra og Japan. Den einaste staden eg ikkje har vore, er faktisk Russland.

Han var på sjøen fram til 1959. Då gjekk han i land.

– Det var både travelt og til tider fantastisk. Men så lengta eg jo heim til familien, veit du.

Starta med stampar og kar

Då Leif starta Øien fiberplast på Stårheim i 1963, var det ikkje båtar dei produserte.

– Vi laga saltestampar, vaskestampar og safttankar. Det var faktisk dei første safttankane som blei lagde i Skandinavia. Dei var på 8000 liter.

Produksjonen av plastbåtar starta dei med i 1966. Det har vore både oppturar og nedturar.

– Ja, vi sleit ein periode, men dei siste tiåra har fabrikken gått bra.

Ser lyst på framtida

No har ekteparet blitt nesten 90 år og pensjonistar. Øien Båt har i dag ein årleg omsetnad på over 20 millionar kroner. I dag er det sonen Arild som leiar bedrifta. Det er ekteparet glade for.

– Det er Arild som eig og styrer alt. Framtida for fabrikken har aldri vore så god som no, seier Leif.

– Kva betyr det at fabrikken går så bra?

– Det betyr alt nesten alt. Det er heilt fantastisk, seier Leif.

Også Klara ser lyst på framtida.

– Det gjer eg. Eg håper eg får leve lenge, for det er kjekt å sjå at det går så fint, seier ho.