Ektepar vann Skåla-opp

Ny løyperekord med tida 1.08.30

Jonathan Wyatt

Jonathan Wyatt sette ny løyperekord på Skåla opp laurdag. Her frå eit tidlegare løp.

Foto: Erik Brendefur

Ekteparet Jonathan Wyatt og Antonella Confortola vann motbakkeløpet.

Antonella Confortola vann dameklassen i Skåla Opp 2009

Antonella Confortola vann dameklassen i Skåla Opp 2009, og i dag klarte ho det igjen.

Jonathan Wyatt sette ny løyperekord med tida 1.08.30

Skåla opp har blitt kjempepopulært. I dag har 2000 deltakarar slite seg opp på toppen av det 1848 meter høge fjellet.

I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne.

Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Knut Horvath Maristuen skal passe på at reinen heldt seg på rett side av riksvegen over Hemsedalsfjellet.
I dag kunne Førde Brannvern ta i bruk den første stigebilen i Sogn og Fjordane, og dermed kan dei nå heilt opp til dei øvste etasjane på dei høgaste bygga.
Ferjer som ikkje går når dei skal, er dessverre eit ikkje ukjent fenomen her på Vestlandet. 
På E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord var det over 100 innstilte avgangar i fjor. Og for nokon kan ei innstilte ferje få alvorlege konsekvensar.