Hopp til innhold

Ektepar toppar kvar si liste før valet

Dei er britiske statsborgarar. Dei har vore gifte i 27 år. No er begge ordførarkandidatar for kvart sitt parti.

Politikarparet Joy Taylor og Mark Taylor

POLITIKARAR: Ekteparet Joy og Mark Taylor har funne kvart sitt parti.

Foto: tone merete lillesvangstu / NRK

– Det er god stemning, vi har mykje å prate om og vi toler å vere ueinige, fortel Joy Taylor.

Det var «Bygdeavisa 6983» som først fortalde om ekteparet Taylor. Medan Joy er øvst på lista til Kristeleg Folkeparti i Fjaler, toppar ektemannen Mark Taylor lista til Miljøpartiet Dei Grøne.

Dei to kom frå England til Noreg for 25 år sidan då Mark fekk jobb som kantor.

– Eg fekk ein kopi av ein stillingsannonse der dei søkte etter kantor. Eg blei oppmoda om å søkje og fekk jobben.

Besøk med angrerett

Han hadde ikkje vore i Noreg tidlegare, så dei fekk lov å komme til Fjaler ei veke i juni 1994 før han skulle starte i jobben.

– Det var ein slags angrerett, ler Mark.

Men Fjaler viste seg fram frå si beste side med 25 grader og sol frå blå himmel. Dei var begge samde i at dette var ikkje noko å angre på.

– Fjaler er den vakraste staden på jord. Å vakne første morgonen og sjå ut vindauget, då fekk eg slik Grieg-kjensle, seier Joy.

Miljø og menneskeverd

Joy Taylor og Mark Taylor

TRIVAST I FJALER: Mark er kantor og Joy er kyrkjesekretær. Ho syng også i Jubelhornet, ei visegruppe som framfører tekstar av Jakob Sande.

Foto: TONE MERETE LILLESVANGSTU / NRK

Og sidan har dei budd i kommunen. Den siste perioden har Mark sete i kommunestyret for MDG. Eit parti nettopp Joy var med på å starte i Fjaler i 2014.

– Eg tenkte det var spennande og blei med då partiet blei stifta her, men så fann eg ut at eg høyrer heime i KrF, seier ho.

– Eg melde meg inn i MGD i 2015 fordi eg tykte det var på tide å engasjere seg og sjå korleis samfunnet er organisert, fortel han.

Men sjølv om no høyrer til kvart sitt parti, er det likevel mykje som er likt. Dei er samde i at dei to partia har mykje til felles.

– Både KrF og MDG er verdiparti. KrF er også opptekne av miljø, og MDG er opptekne av mennesket.

Noko likt - noko ulikt

Og det å ha same verdigrunnlaget er viktig for ekteparet som har vore gifte i 27 år.

– Ja, eg trur ikkje eg hadde gifta meg med nokon med andre verdiar enn meg sjølv. Det er ganske naturleg eigentleg, seier han.

Men partia deira er ikkje alltid samde, verken nasjonalt eller lokalt. Det er likevel harmoni i heimen.

– Ja, må ikkje ta oss for nære av ting. Og om vi var i same parti, hadde det vore mykje større press på oss for å vere einige.

Fram mot valet skal dei ut å snakke med folk og delta på debattar. Begge trur det skal gå greitt å møte kvarandre i eit valpanel.

– Trur du ikkje vi har diskutert før, ler Joy.

Mark har hatt ein periode i kommunestyret, men Joy blir ikkje skremt av alt arbeidet som må leggast ned

– Eg ser at det krev mykje tid, men eg har ein fordel for eg kan spørje han.

Blir snart norske statsborgarar

Sjølv om dei to 50-åringane framleis er britiske statsborgarar, kan dei likevel stille på politiske lister til kommune- og fylkestingsval. For å kunne stille til val til Stortinget, må ein vere norsk statsborgar.

– Vurderer de å bli norske statsborgarar?

– Ja, absolutt. Vi hadde gjort det for mange år sidan om vi kunne behalde det britisk statsborgarskapet. Det har ikkje vore lovleg i Noreg tidlegare, men det blir det frå 2020. Då blir vi norske, endeleg, seier Joy.

– Har de då ambisjonar om Stortinget?

– Det må Mark prøve på, ikkje eg i alle fall, ler ho.

Vil du møte nokon du er usamd med – for å snakke om det? NRK og fleire andre medium inviterer til Heile Noreg snakkar, ein nasjonal samtaledag 25. mai.