NRK Meny
Normal

Ektepar såg flammane komme imot dei inne i tunnelen

Ekteparet frå Hedmark trudde det var vatn som kom sildrande i mot dei. Så kom drønnet som fekk bilen til å riste.

Brann i Skatestraumtunnelen

KOM TETT PÅ: Eit ektepar frå Hedmark kom tett på den første eksplosjonen i Skatestraumtunnelen tidlegare i dag. Då dei byrja å rygge kom flammane i mot dei. Dei to er ikkje med på dette biletet.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Astrid Trandem og Henning Sørlundsengen kjem frå Rudshøgda i Hedmark. Dei var på veg heim frå ferie på Kalvåg i Bremanger då dei hamna midt opp i dramaet tidlegare i dag.

Dei hadde passert det lågaste punktet i Skatestraumtunnelen og hadde byrja på oppstiginga då dei såg ein bil komme ryggande i mot dei.

– Då skjønte vi ikkje kvifor. Men vi skjønte då vi kom lenger fram, at det var lurt å rygge derifrå, seier Astrid Trandem til NRK.no.

Her kjem røyken ut av tunnelen

– Trudde det var vatn

Først såg dei hengaren på tankbilen. Så såg dei ei væske komme rennande mot dei langs sida på vegen.

– Då trudde vi det var vatn som kom sildrande ned bakken. Men det var ikkje vatn, det var bensin. Då skjønte vi det var alvorleg, fortel Trandem.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen

Så kom den første eksplosjonen. Trandem er ikkje sikker på om det var før eller etter dei hadde byrja å rygge. Men drønnet fekk bilen til å riste og snart såg dei flammane komme i mot dei.

– Bensinen førte flammane langs sida på vegen. Vi skjønte at vi måtte komme oss derifrå. På vegen passerte vi nokre damer som hadde punktert. Vi berre heldt fram å rygge, fekk snudd og kom oss ut, seier Trandem.

Glad for at det gjekk bra

Då dei var vel ute høyrde dei det smalt igjen. Denne gongen var eksplosjonen enno kraftigare. På den andre sida av tunnelen kunne dei sjå svart røyk stige opp i lufta.

– Då den skikkelege eksplosjonen kom, trudde eg det var fire personar att i tunnelen. Difor var alle vi som hadde kome oss ut, svært letta då vi fekk høyre at det ser ut til å gå bra med alle, seier Trandem.

For like etter eksplosjonen kom ein bubil ut av tunnelen der dei stod. Han hadde teke med seg dei to damene som hadde punktert.

Astrid Trandem og Henning Sørlundsengen er blant dei seks personane som vart sendt til Førde sjukehus for legesjekk. Trandem seier dei begge kjenner seg i god form og trur dei vil bli utskrivne snart.

– Det går veldig bra. Vi var berre inne for å sjekke at vi ikkje har pusta inn for mykje bensin-os, seier Trandem.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.