Hopp til innhold

Ektepar nær teken av steinras

– Eg vil ikkje tenkje på kva som hadde skjedd om vi kom eitt sekund før, fortel Pål Westberg Langrind frå Oslo.

Steinras mellom Olden og Innvik

DRAMATISK: Desse steinane dundra i bakken rett framfor panseret til Pål Westberg Langrind og kona hans. Treet som lengst bak i raset trefte bilen til oslofamilien.

Foto: Magne Gunnar Holen

Laurdag var han og kona på veg til Breim for å besøke dottera då dei var svært nær å få eit steinras rett i bilen ved Ugla i Stryn.

Kona såg steinblokkene losne kring 50 meter over vegen, og dundre i vegen framfor dei. Den største blokka truleg på nær åtte tonn.

– Det kom veldig brått. Kona merka at steinblokka kom. Eg hadde ikkje stor fart, 40-50 kilometer i timen, så eg fekk bremsa opp. Vi fekk eit tre i bilen, men den største steinblokka landa fem-ti meter framfor bilen, fortel Westberg Langrind.

Kunne blitt alvorleg

Raset gjekk i 11-tida laurdag føremiddag. Ekteparet frå Oslo køyrde like bak ein mjølkebil då dei brått såg rørsle i terrenget.

I mjølkebilen sat Bjarne Gjerde, som til NRK.no fortalde at han ana uråd då han plutseleg såg røyk, og ikkje lenger personbilen, bak seg.

– Hadde det kome bilar rett i dette raset, så hadde det blitt alvorleg. Den største blokka er sikkert på opp mot åtte tonn og på staden er det berre ein liten støypekant og så rett i sjøen, fortalde.

Frykta fleire ras

Pål Westberg Langrind

SJOKK: – Vi fekk oss eit sjokk, seier Pål Westberg Langrind om dagens møte med Norges verste veg, fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Foto: Privat

– Mjølkebilen hadde akkurat kome seg igjennom, så kom steinblokka, fortel Westberg Langrind.

Til alt hell vart ingen skadde i steinraset, men eit tre gjorde mindre materielle skader på bilen til oslofamilien.

– Eg bremsa det eg kunne og stod der. Først var eg i tvil om eg skulle gå ut eller ikkje. Eg frykta det kunne komme meir anten framfor oss eller bak oss og vart sitjande nokre sekund før eg rygga ut, fortel Westberg Langrind.

– Vi fekk oss eit sjokk

Etter 15-20 minuttar snudde dei og køyrde om den anbefalte omkøyringsvegen, E39 om ferjesambandet Anda-Lote.

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik er ikkje venta å opne att før tidlegast søndag som følgje av raset. Fjord1 har etter oppmoding frå Statens vegvesen sett opp ekstra ferjeavgongar for å ta unna trafikken.

– Vi fekk oss eit sjokk, men det går greitt. Det er nok verst for kona. Vi kom heilskinna ut av det, og det må vi berre vere glade for, seier Westberg Langrind og vedgår at det var ei skremmande oppleving.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.