Hopp til innhold

Ektepar frå Moss har kjøpt Hotel Mundal

Halstein og Marianne S. Sjølie har kjøpt det ærverdige trehotellet i Fjærland. – Viktig at dei tenkjer langsiktig, seier bygdefolket og næringslivet.

Hotel Mundal
Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

Halstein S. Sjølie bekreftar til NRK at det er han og kona som har kjøpt Hotel Mundal av investor Ola Moe. Sjølie er advokat og har tidlegare kjøpt det historiske hotellet Morgedal i Telemark.

Sjølie hadde ikkje tid til å seie noko meir om planane for Hotel Mundal måndag kveld.

Det er fire år sidan investor Ola Moe kjøpte hotellet. Salet omfattar også Tørvis Hotell i Luster, Nigardsbreen Gjesteheim og delar av Eidsbugarden i Jotunheimen.

Store forventingar

Det var Bergens Tidende som først melde at hotellet er seld igjen.

Hans Haugen, leiar i Fjærland bygdeutval, har forventningar til den nye eigaren.

– Det er veldig viktig for bygda at nokon ser hotellet som ein ressurs og vil gjere noko med det. Eg forventar at han fortsett med det som den tidlegare eigaren planla. Hotellet er ein attraksjon i seg sjølv. Når det kjem turistbussar så vil dei stoppe og sjå, og ta bilete av hotellet, seier han.

Må tenke framover

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord har også forventingar. Han seier det er viktig at den nye eigaren tenkjer nokre år framover i tid.

– Det eine er at ein ser det som ein langsiktig investering, og kan hauste av den veksten vi ser i reiselivet på vestlandet og i Sogn no. Det andre er at dei evnar å investere i oppussing og vedlikehald. Det gjeld spesielt for Hotel Mundal, som krev oppussing før det er i stand til å driftast vidare.

Brandshaug omtalar Hotel Mundal som ein perle ved fjorden. På grunn av restaurering har hotellet vore stengt ein periode, men Brandshaug har tru på suksess.

– Viss dei får restaurert hotellet i stand igjen og får til ei langsiktig drift, så er det absolutt mogleg å tene pengar på det, seier han.

Ordføraren heiar

I Sogndal seier ordførar Jarle Aarvoll at hotellet er ei sterk merkevare for regionen. Han håpar dei nye eigarane vil bidra positivt.

– Ein må late dei nye eigarane få definere kva dei vil med investeringane og korleis dei skal gå vidare, og så skal eg vere med å heie på det. Det har vore eit tap at ein ikkje har hatt hotellet ope no, men eg trur Hotel Mundal, med sitt innhald og særpreg, vil svare til dei forventningane.

Og no som dei nye eigarane er kjende, vil Hans Haugen i Fjærland bygdelag gå i dialog med dei.