Meteorologisk institutt har sendt ut fullt ekstremværvarsel for midtre og indre strøk av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Alt tyder på at det blir like ille som under flaumen i september: Sjå bilete frå flaumen og uvêret
- Dei nyaste prognosane viser at det vil bli ekstreme nedbørmengder mandag 14. november. I løpet av døgnet 14. november vil det kome mellom 70 og 120 millimeter nedbør. Lokalt er det varsla at det kan bli mellom 120 og 180 milliumeter nedbør. Den kraftigste nedbøren vil truleg kome mellom kl 06 og 18 denne måndagen, går det fram av ei pressemelding frå Meteorologisk Institutt.
Vil følast verst i indre strøk
Meteorologane meiner at Loke vil følast aller verst i indre strøk.
- Det er forholdsvis normalt med store nedbørmengder i midtre strøk av desse fylka. I dei indre strøka derimot er slike nedbørmengder meir sjeldant, heiter det i meldinga.
NVE varslar flaum
Samtidig har Norges vassdrags- og energidirektorat sendt ut varsel om flaum:
- Det er varsla store nedbørmengder fra natt til mandag til mandag kveld. Det er venta rundt 150 mm i løpet av eit døgn, men med lokale variasjoner. Dette vil føre til raskt aukande vassføring, og vi ventar at vassføringa i fleire vassdrag går over nivået for flaum (5-års til 50-års flaum), heiter det i ei pressemelding som NVE har sendt ut.
Også i regulerte vassdrag
Direktoratet ventar ikkje flaum i høgareliggande elvar fordi nedbøren kjem som snø over 1200 meter. Dei varslar at spesielt urbane og tettbygde områder er utsette for flaumen, men også andre stadar kan det oppstå problem:
- Det er mange vasskraftmagasin i området, som er tilnærma fulle. Det kan difor kome flaum også i regulerte vassdrag, heiter det i meldinga.
Samtidig melder NGI om fare for jordskred. Spesielt langs bekkeløp