Hopp til innhold

Ekstremvêret «Urd»: Ber folk halde seg innandørs

Når ekstremvêret «Urd» råkar Sør-Norge 2. juledag, bør du halde deg innandørs og unngå alle reiser.

Urd treffer Sør-Norge

STERK STORM: Stormen er no på veg i retning Sør-Norge.

Foto: met.no

Det melder både meteorologane og beredskapsmyndigheitene, som fryktar for skade på folk og bygningar når stormen kjem inn over land.

– Om ikkje folk må ut og reise på 2. juledag, så bør folk halde seg heime. Om det går an å utsetje turen, så gjer det, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand til NRK.

Den same oppmodinga kjem frå vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Anne Mette Olsen.

– Folk må vere forsiktige om dei har tenkt å ferdast ute på ettermiddagen og i kvelden i morgon. Eg tilrår folk å halde seg inne. Det er skummelt å bevege seg ute når det er så sterk vind, seier Olsen.

Førebu deg til stormen

Stensvand og Olsen sitt råd til folk er å førebu seg best mogleg på det som kan bli eit av dei verste uvêra som har råka Sør-Norge på fleire år:

  • Sørg for å sikre alle lause gjenstandar
  • Sørg for å fortøye båtar tilstrekkeleg
  • Lad opp alle mobiltelefonar i tilfelle straumbrot
  • Sørg for å ha batteri tilgjengeleg til lommelykter
  • Ta inn nok ved om du har vedovn eller peis til varme
  • Ver budd på at det kan bli kortare eller lengre straumbrot
Nettsending om ekstremværet Urd

Kommunane i beredskap

Fylkesmannen i fylka som no har fått varsel om ekstremvêret «Urd» set no i gang varsling av alle kommunar og beredskapsetatar.

– Erfaringsmessig har vi sett at det er straum og tele som er spesielt utsett og kan gjere oss spesielt hjelpelause. Vi veit at kommunane i stor grad har nokon faste rutinar som set i sving når det er meldt den typen vêr, seier beredskapssjefen.

NRK vil halde folk informert om utviklinga i den venta ekstreme vêrsituasjonen.

Les også: Uværet kan hindre flytrafikken i landet