Ekstremvêret "Tor": Ber folk førebu seg på det verste

Styresmaktene ber folk i fylka som blir råka av orkanen "Tor" om å førebu seg på det verste og å halde seg innandørs om det blir for ille.

Ekstremværet Tor

RETT MOT NORGE: Ekstremvêret 'Tor' vil treffe norskekysten i løpet av ettermiddagen fredag.

Foto: earth.nullschool.net

I løpet av ettermiddagen reknar meteorologane at Tor vil slå inn over land og skape farlege situasjonar ei rekkje stader frå Vestlandet til Nord-Trøndelag. No går Direktoratet for samfunnstryggleik- og beredskap (DSB) ut med klare råd til dei som bur i dei ni fylka som kan bli råka.

– Du må gå gjennom kva du sjølv kan gjere for å førebu seg. Flytte ting, binde fast ting, sjekke at takrenner er i orden. Du må halde deg innandørs dersom det blir ille og følgje godt med på den informasjonen du får lokalt, men også nasjonalt, seier direktør i DSB, Cecilie Daae, til NRK.

Sender elevar heim

I Vågsøy har dei bestemt seg for å sende heim dei ungdomsskuleelevane som bur på fastlandet før vinden kjem for fullt. Bussen med desse elevane går frå Måløy over Måløybrua klokka 10.10. Det er fare for at brua kan bli stengd seinare på dagen.

Fryktar straumbrot fleire stader

Ho peikar på at både folk og offentlege etatar har gjort seg sjølv veldig sårbare i høve bruk av teknologi som mobiltelefonar og internett. Straumforsyninga kan også bli råka dersom vinden blir så sterk som meteorologane fryktar.

Cecilie Daae

BER FOLK FØREBU SEG: Cecilie Daae er direktør i DSB.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dersom straum og teknologi forsvinn, så er det nok mange som kjenner seg hjelpelause. Det er enkle ting du skal tenkje på som varme, lys, mat, drikke og omtanke for naboen. Då kjem ein langt, seier Daae.

– Må ta ansvar for kvarandre

Sidan orkanen "Dagmar" råka Nord-Vestlandet romjula 2011 og førte til skadar for 1,4 milliardar kroner, har Norge vorte råka av stadig fleire stormar og situasjonar med ekstremvêr. Cecilie Daae i DSB peikar på at det har vore eit godt fokus på beredskapen etter Dagmar.

– Det er klart at dette med å vere i beredskap og ha god kriseleiing og planverk er viktig. I samband med Dagmar i 2011 var vatn, avløp, helse og informasjon utfordrande. Det har vore mange hendingar etter det at eg trur mange er godt rusta til å takle større hendingar. Her må vi alle ta eit ansvar for kvarandre.

Fryktar at telefonsignal vil forsvinne

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier at dei er klare til å møte ekstremvêret "Tor" på best mogleg måte.

Vi har sett stab i går når dette vêret fekk status som ekstremvêr. Det som er utfordrande er om den skal slå til sør i Rogaland eller om den faktisk vil gå heilt opp til Nordland. Det er sterke krefter på gang, slår Amundsen fast.

Han ber likevel folk bu seg på at telefon- og nettlinjene kan falle ut, og at stormen vil få konsekvensar for telenettet.

Er vi heldige så får det ikkje dei mest dramatiske konsekvensane, men vi gjer alt vi kan for å førebu oss og har varsla entreprenørar som no står i beredskap.

Kaare Songstad

POLITIET ER KLARE: Politimeister Kåre Songstad stolar på at gode rutinar skal sikre ein god politiinnsats om det blir naudsynt.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Politiet i høg beredskap

Politimeister Kåre Songstad i Vest politidistrikt fortel at politiet er klare til innsats der det måtte bli naudsynt.

– For politiet sin del handlar det mest om å ha litt meir kapasitet på plass når vinden treff som hardast. Vi har også gått nokre rundar mot våre samarbeidspartnarar for å sikre oss at kapasiteten og kommunikasjonen er god, som til dømes Sivilforsvaret.

Sjukepleiestudentar sjekka i dag kor god handhygiene flypassasjerane har.
Etter mange år med reguleringar, ser det no ut som om Makrellstørjebestanden er tilbake. I helga dro Tore Hillersøy 190 opp frå havet.
Florø vann 4-0 mot Fana i Florø. Det er trenar Terje Rognsø godt nøgd med.