Hopp til innhold

Ekstremveret «Tor» vil råke hardt: Ber folk halde seg inne fredag kveld

Bølgjer på heile 20 meter kan treffe norskekysten i morgon. – Hald dykk inne, er den klare beskjeden til dei som bur i fylka som blir råka av «Tor» i morgon.

Animasjon som viser hvor den sterkeste vinden kan komme under ekstremværet Tor.

SJÅ VIDEO: Slik vil ekstremvêret "Tor" treffe vestlandskysten.

Bølgjer på opp mot 20 meter kan nå heilt inn til land når ekstremvêret «Tor» kjem inn til norskekysten i morgon.

– Folk må absolutt ikkje opphalde seg i nærleiken av sjøkanten i morgon. Absolutt ikkje! Det er sjeldan og ganske ekstremt med så store bølgjer inn mot land, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarsling på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim

Fylkesmannen i Hordaland, Lars Sponheim, ber folk innstendig om å følgje råda som blir sendt ut frå politi, vêrvarslinga og kommunane.

– Det er ekstremt viktig at folk lyttar. Vi rår folk sterkt til å halde seg innandørs, fordi det kan kome store gjenstandar fykande gjennom lufta og vere farleg å bevege seg ute, seier Sponheim.

Meteorolog Tjøstheim seier til NRK i kveld at lågtrykket vil kome inn litt lenger nord enn først antatt. Det vil seie at frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, samt Trøndelagskysten vil få det tøffaste vêret.

– Det ser ut til at Hordaland slepp unna litt lettare enn vi først rekna med, fortel Tjøstheim.

Høge bølgjer når "Tor" treff land

Ekstreme bølgjer kan treffe kysten i morgon kveld.

Foto: MET

LES OGSÅ: Stor snøskredfare på Vestlandet

Ikkje legg ut på reise

– Ein bør vurdere å utsetje planlagde reiser, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Håvard Stensvand, til NRK. Det er venta at ekstremvêret «Tor» vil slå inn over Sør-Norge fredag ettermiddag og kveld.

– Folk må tenkje seg om, og vurdere om dei til dømes må ta den turen dei hadde tenkt. Dei bør vurdere å utsetje reiser. Erfaringane syner at ved så sterk vind så blir det problem med kommunikasjonane, så det å halde seg i ro kan vere eit godt tips, seier Stensvand.

Det er varsla ekstremvêr i ni fylke frå Trøndelag og sørover, og meteorologane fryktar det verste, men understrekar at prognosane kan endre seg i løpet av dei komande timane.

– Dette er eit stort lågtrykk og eit stort uver. Det kan ligne litt på Dagmar, berre at det treff lenger sør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til yr.no.

Har varsla kraftselskapa

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand oppmodar no på det sterkaste folk om å bu seg på det venta uveret, på lik linje med politi, kommunar og andre styresmakter.

– Ein må også hugse å sikre lause gjenstandar som kan boltast eller surrast fast. Ekstra utfordringar kan dukke opp med straumbrot og utfall av telefonsamband. Folk bør tenkje gjennom korleis dei kan sikre seg om straumen skulle bli vekke nokre timar, slår Stensvand fast.

I Sogn og Fjordane er det send ut varsel til kommunane, naudetatane og fylkesberedskapsrådet. Fylkesmannen har også vore i dialog med kraftselskapa som vil ha beredskap dersom straumen skulle forsvinne.

Håvard Stensvand

KLAR FOR Å MØTE TOR: Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Håvard Stensvand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fryktar Dagmar-tilstandar

Ekstremvêret «Dagmar», som råka særleg Vestlandet i romjula 2011, førte til endringar i styresmaktene sin beredskap i dei mest utsette områda.

Dagmar gjorde skadar for meir enn 1,4 milliardar kroner. Det er for tidleg å seie om uveret «Tor» vil nå same styrke, men Stensvand ber folk vere budde på det verste.

– Det er jo enno uvisst om denne stormen vil nå opp i Dagmar sin styrke. Men samstundes har vi også erfart at ein kan få lokale verknader av orkan som kan råke med brutal kraft. Vi kan aldri vite heilt nøyaktig kvar vinden slår inn over land og kva lokale konsekvensar det kan få.

Slik førebur du deg på ekstremvêret «Tor»:

  • Ta inn utemøblar, sikre båtar og lause gjenstandar
  • Flytt bubilar, campingvogner og andre køyretøy i ly for vinden
  • Vurder å utsetje planlagde reiser og køyreturar