Hopp til innhold

Her står bilane på kryss og tvers - både små og store fekk problem

Vogntog, bussar og personbilar har sidan klokka 14 hatt store problem fleire stadar i Sogndalsdalen. Trafikken skal no, like før klokka 15, ha teke til å løyse seg opp.

Sogndalsdalen

GLATT: Både små og store køyretøy fekk problem på glatta i Sogndalsdalen onsdag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

– Det skal vere svært glatt på riksveg 5 i Sogndalsdalen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.

Politiet fekk melding om problem på vegstrekninga klokka 14.03, og NRK har fått fleire meldingar siste timen frå bilistar som har registrert krevjande køyretilhøve i Sogndalsdalen.

Sende ut strøbil

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen opplyser at det er sendt ut strøbil.

– Det skal vere veldig glatt. Når det regnar oppå snø og slaps, så vert det veldig vanskelege forhold, seier Erikstad.

Politiet skal ikkje ha fått melding om at nokon har køyrt borti kvarandre eller kollidert i Sogndalsdalen.

– Vi har ikkje fått melding om materielle skadar av noko slag, seier Domben.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trengde kjettingar

STOD FAST: Også fleire bussar fekk problem på det glatte føret i Sogndalsdalen.

Foto: NRK-tipsar

Kom ikkje av flekken

– Fleire store køyretøy sleit med å komme seg av flekken i det heile, så det seier litt om kor glatt det er, seier Erikstad.

Han har også fått melding om at det er glatte vegar fleire stadar i Sogn og Nordfjord.

– Det kan bli krevjande mange stadar ettersom regnet får snøen til å bryte opp. Så det er berre å ta det med ro, seier Erikstad.

Det har vore meldt om svært krevjande køyreforhold mange stadar i fylket. Ein septikbil fekk sleng på hengaren på riksveg 5 i Naustdal i føremiddag, noko som førte til at hengaren velta og mykje kloakk rann ut i vegen.

Fleire stadar har både små og store køyretøy hamna i grøfta på det glatte føret.