NRK Meny
Normal

I fjor: 202 kilo fisk. I år: 0 kilo fisk

Det er enorm forskjell på snø- og ismengdene i fjellet ved Ljosegrunnane i Lærdal om ein samanliknar 2015 med fjoråret. Slikt går kraftig ut over fisket.

Ljosegrunnane

KONTRASTAR: Ekstreme kontrastar i fjellet - dette er same plassen med eit års mellomrom (2014 til høgre).

Foto: Jan Christian Jerving

2014: Fiskarar tok 413 aure, med ei totalvekt på 202 kilo. Det vil seie at gjennomsnittsvekta var nær eit halvt kilo.

2015: – Ingen har fått noko i år, og eg trur det endar på null, seier frilansfotograf for NRK, Jan Christian Jerving.

Det populære fiskevatnet på grensa mellom Lærdal og Aurland kommune ligg på 1456 meter over havet. På eit bilete frå midten av juli 2014 poserer Anders Jerving og Anthony L. Hiller med stor og flott fjellaure:

Ljosegrunnane

KILO: Det er ikkje uvanleg med aure på om lag kiloen, seier Jan Christian Jerving.

Foto: Jan Christian Jerving

Verken tidlegare lensmann Olav Teigen eller Jerving hadde fiskelukka med seg då dei var på tur dryge året seinare, 30. august i år:

Ljosegrunnane

INGEN HELL: Tidlegare lensmann Olav Teigen (biletet) er berre ein av mange som har måtta gå skuffa vidare etter fiske i vatnet.

Foto: Jan Christian Jerving

Jerving har gått på tur i området i over 20 år, og har ikkje sett liknande is- og snømengder.

– Dette er eit veldig godt og populært vatn, med mykje stor fisk. Men i år er det veldig mange som er skuffa.

Over halve vatnet er islagt, og Jerving seier tida er i ferd med å renne ut for fiskarane.

– Då vi var der, var det nede på 1,3 grader om morgonen, og nesten som det var snøfnugg i lufta. No er det haust. Førstkomande helg, eller helga om 14 dagar blir siste sjanse. Etter det lavar det ned med snø her oppe.

PS: Yr.no melder kuldegrader om natta ved Ljosegrunnane i starten av neste veke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.