NRK Meny
Normal

Ekstraordinært møte i dag

Konfliktsaka mellom ordførar og rådmann står på blokka i eit ekstraordinært kommunestyret i Lærdal i kveld.

Kommunestyresalen i Lærdal

Kommunestyresalen i Lærdal

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Ordførar Arne Sanden (Ap) må endre arbeidsmetodane sine, og ta all skulda i konflikten med rådmannen, meiner gruppeleiarane i Lærdal kommunestyre.

Tilrådinga til vedtak frå gruppeleiarane i Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, Høgre og Venstre kan ikkje oppfattast anna enn som knallhard kritik av ordføraren i Lærdal.

I tilrådinga slår dei fast at rådmannen har både rett og plikt til å seie frå der han finn det rett etter lover og fullmakter.

NRK Sogn og Fjordane føl det ekstraordinære kommunestyremøtet frå klokka 18.30 onsdag.