Ekstraordinær bandtvang

I Gaular er det no innført ekstraordinær bandtvang for hundar i heile kommunen. Bandtvangen gjeld fram til 31. mars. Bakgrunnen for bandtvangen er at det har vore ein vinter med mykje snø, slik at viltet har vanskar med å finne næring. Ein har og hatt episodar der laushundar har jaga hjort, seier rådmann Atle Fasteland.