Hopp til innhold

Ekstraferja er tilbake i drift, men forureining kan framleis by på problem

Kjølesystemet er reinska og ferja er tilbake i drift, men gleda kan bli kortvarig.

Bilferjene Årdal og Sognefjord på Anda-Lote

TO FERJER: Det har gått to ferjer på ferjesambandet Anda-Lote på E39, etter at flaumen i Utvik har stengt fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– No snakka eg nett med fartøyet og det er klart til å gå inn att i den ruta den er sett opp i, seier Tor Kristoffersen, regionleiar i Fjord1, til NRK, like før klokka eitt .

Frå klokka 9.00 måndag morgon er ekstraferja «MF» Sognefjord på Anda-Lote sambandet på E39 tilbake i rute att.

Les også: Utvikfjellet kan bli stengt til oktober

Forureining skapte problem

Søndag ettermiddag vart ekstraferja tatt ut av drift, etter at jordslam, plast og drivved frå flaumen i Utvik framleis fyller opp fjorden.

Drivved frå Flaumen i Utvik

FUNN: Dette er blant det båten «Slåtterøy» har funne på vatnet.

Foto: Kystverket

– Det som skjer er at etter flaumen i Utvik er det så mykje forureining i fjorden som vert tatt opp i kjølesystemet og motoren vert for varm. Stort sett har vi fått reinsa dette etter ruteslutt kvar dag, men i går klarte vi ikkje det og ferja måtte bli tatt ut av drift nokre timar tidlegare, seier Kristoffersen.

Arbeidet med å rydda fjorden for bos starta i førre veke og Kystverket var med å rydda opp. Men det ligg framleis mykje bos i fjorden, og derfor ser ikkje Fjord1 bort frå at det kan oppstå fleire problem for ferjene.

– Det kan det sjølvsagt skje fordi det tar litt tid før naturen får reinska opp etter flaumen sjølv. Det er framleis ein del greier i fjorden, men det vert betre og betre for kvar dag som går, seier Kristoffersen.

Kombinasjonen av fellesferien, turistsesongen og Landsskyttarstemnet i Førde har ført til mykje ekstra trafikk på E39, som vanlegvis ville gått over Utvikfjellet. Det har tidvis vore fleire timar med kø på ferjesambandet.

Bilferja Årdal og slepebåt

RYDDAR FOR FERJA: Slepebåten «BB Supporter» med bilferja «Årdal» i bakgrunnen.

Foto: Steinar Lote / NRK