NRK Meny

Ekstraavgangar også i kveld

Fjord1 vil også i dag sette opp ein del ekstraavgangar på ferjesambandet Hella-Vangsnes på riksveg 13. På grunn av stenginga av E16 i Gudvangen er det mange som kryssar Sognefjorden her når dei vel Vikafjellet som omkøyringsrute. Til no i dag har ferjene greidd å ta unna trafikken som vanleg. Fjord1 har framleis problem med den største av dei tre ferjene som brukar å trafikkere sambandet, «MF Gulen». Servicefolk er på ferja og jobbar på spreng for å få den tilbake i drift. «MF Sunnfjord» går fram til det som erstatningsferje.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.