Hopp til innhold

Basehoppar henta med Sea King – tilstanden er alvorleg

Ein basehoppar er hardt skada etter å treft ei fjellside i Flåm, berre ein time etter at ein annan basehoppar omkom i nabobygda Gudvangen. Hopparen er henta ut med Sea King.

SeaKing i Flåm

REDDA: Sea King hentar basehopparen ned frå steinura under Brekkeberget

Foto: Arne Veum

Laster Twitter-innhold

Eit vitne som sat i ein bil såg basehopparen få problem med skjermen sin og at han landa i ei steinur.

– Basehoppar skal ha fått problem i siste delen av svevet, seier operasjonsleiar Bengt Ness til NRK Sogn og Fjordane.

Politiet har ikkje hatt kontakt med hopparen. Dei har heller ikkje hatt visuell kontakt med vedkommande.

Luftambulanse i Flåm

HER: Luftambulansen heiser helsepersonell ned til basehopparen i Brekkeberget i Flåm.

Foto: Arne Veum

Basehopparen skal ha lege slik til at ambulansepersonellet måtte gå til fots mot pasienten.

Luftambulansen kom til Flåm. Den har søkt over eit fjellparti over Haugen på Brekke-sida. Luftambulansen har heist helsepersonell ned til basehopparen.

Også ein Sea King er i Flåm. Sea King har løfta opp ein skada person frå steinura, ifølge politiet. Tilstanden er alvorleg.

Brekkeberget er ein plass det har vore fleire basehopp tidlegare.

Denne veka går Ekstremsportveko av stabelen på Voss. Det er ukjent om hoppinga i Gudvangen og i Flåm er hopparar som også deltek på Voss.

Hoppinga i Flåm og Gudvangen er uansett i privat regi, ifølge dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko.

Laster Twitter-innhold