Hopp til innhold

Ekstra fellingsløyve for jerv

No kan det bli gjeve ekstra fellingsløyve for jerv. Dersom bøndene finn skadde husdyr, kan fylkesmannen gje umiddelbar fellingsløyve.

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013

FELLINGSLØYVE: No kan fylkesmannen gje umiddelbar fellingsløyve dersom bøndene finn skadde husdyr.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

– Det er veldig viktig at fylkesmannen kan gje løyva raskt, slik at dyr som har gjort skade kan bli tekne ut raskt, seier leiar i Rovviltnemda, Noralv Distad.

Sjølv om det ikkje lenger er lov å jakte på jerv er framleis mogeleg å felle. Dersom det blir funne jervespor eller skadar etter jerv, kan fylkesmannen på ståande fot gje løyve til felling på opp til fire jerv.

Fire tatt – to igjen

Hittil i år er fire jerv tatt, men det er observert to til i Sogn og Fjordane. Bonde Erling Offerdal seier han ikkje føler seg trygg. Sjølv om det blir gitt løyve til å felle fleire rovdyr i sommar trur han det kan bli vanskeleg.

– Eg veit kor vanskeleg dette er. Eg har ikkje tru på at dette har noko effekt. Når jerven fyrst gjer skade er skadane enorme, seier Offerdal.

For seint

Distad meiner at jakta på jerven skal skje tidlegare, og før husdyr har blitt skadd. Det viktigaste er å ta ut jerven før beitesesongen.

– Det er for seint å vente på at husdyr allereie er blitt skada, seier Distad.